Mot slutten måtte Bendik Rise få strekt ut beina då krampa tok han. Men det var også fullt forståeleg, for Rise sprang som ein helt i 89 minutt mot Molde, før han blei erstatta av Magnus Myklebust. Det etter at han nettopp hadde vore sjuk med streptokokkar.

- Beina vart som to mursteinar etter kvart, det gjorde godt å få strekt dei ut litt, seier Rise og flirer.

Ungguten var blant Hødd sine beste i cupkampen mot Molde, som heldt på å ende i ei real cupbombe.

- Eg meiner vi var best i store delar av kampen. Det er ikkje spesielt fortent at Molde tek denne sigeren, og vi taper nok diverre på litt dumme og unødvendige feil. Vi blir litt stressa. Men, vi gjer ein veldig god figur mot eit eliteserielag, og har mykje å vise framover slik vi speler i dag, seier Rise.

- Godt å score framfor familien

Rise fekk seg også eit mål framfor heimepublikummet, då han banka inn Hødd sitt mål etter 68 minutt, via ein Molde-forsvarar.

- Det er noko ekstra ved det å score heime på Høddvoll. Eg hadde mamma og pappa på tribuna, noko som gjorde det ekstra spesielt. Det er godt å score framfor familien og framfor Høddvoll-publikummet, seier Bendik Rise.

Surt tap

Målet kunne blitt avgjerande for Hødd, men cupfesten blei spolert av to Molde-scoringar etter 81 og 90 minutt, ved høvesvis Thomas Amang og Etzaz Hussain.

- Det var surt å tape slik. Det er ikkje slik at vi taper mot eit lag som er hundre gonger betre enn oss. Det var ikkje to divisjonar mellom oss ute på bana i kveld, det er i alle fall heilt klart. Vi viste at vi er gode nok til å slå dei, seier Bendik Rise.

Eid: - Klart beste kampen i år

Hødd var svært nære ein skikkeleg cupskrell heime mot Molde, men måtte til slutt skuffa innsjå at det blei med ”nesten” denne gongen. Dermed kunne Ole Gunnar Solskjær puste letta ut, medan trenarkollega Sindre Eid måtte ta til takke med ein god prestasjon.

– Vi blir betre og betre, det skal vi ta med oss. Det kjennest likevel tungt når vi er så nære å ta skalpen på Molde. Når den verste skuffelsen har lagt seg så håpar eg også publikum ser at Hødd spelar ein veldig god fotballkamp.

Trenaren meiner pila peikar oppover for dei blåkvite.

– Det er den klart beste kampen vi har spelt i år, det er det ingen tvil om. Sander Svendsen meinte vel også at Hødd var beste laget Molde hadde møtt i år, så det seier litt om at vi leverte på eit høgt nivå, seier Eid.

Hødd blei i periodar liggande lågt og kompakt i banen, ikkje av eige ønskje ifølgje trenaren.

– Nei, vi blir spelt låge, men vi spelar også Molde lågt i periodar. Slik har fotballen blitt i dag, ein ser ikkje lenger halvhøgt press. Når dei har ballen så må vi stenge rom. Eg synest vi opptrer veldig klokt i denne kampen. Vi følgjer kampplanen og gutane er lojale.

Molde ti minutt unna cup-skrell

Og då var Hødd berre ti minutt unna ei ”cupbombe”, og berre eit par minutt unna ekstraomgangar.

– Det er nære at vi lukkast, men vi kan både score meir og unngå dei to vi får imot. Molde hadde sjølvsagt sjansar, men dei scorar ikkje på dei opplagde sjansane. Det er litt bittert. Det var sjølvsagt veldig kjekt å ta leiinga, og då kjendest det også ganske trygt. Då hadde vi kampen akkurat der vi ønskte, etter ein litt hektisk start på den andre omgangen. Då fekk vi kampen inn i vårt spor, meiner Eid.

Dei to seine baklengsmåla gjer likevel at Hødd ikkje får fleire sjansar i cupen i år, og kan konsentrere fullt og heilt om 2.-divisjon.

– Vi taper 2–1. Det vil stå i historiebøkene, men vi som trenarar må ta med oss den gode prestasjonen inn mot ein veldig viktig kamp no til helga. Dette må vi bruke vidare. Klarar vi å levere slik i 2.-divisjon så er det ingen som er i nærleiken av oss. Toppnivået vårt er i ferd med å bli ganske høgt, men vi må få stabile prestasjonar og vi må score meir, avsluttar Eid.

Kampfakta

2. runde cupen

Hødd – Molde 1-2 (0-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1083

Dommar: Marius Hansen Grøtta, (Malmefjorden IL)

Mål: 1-0 Bendik Rise (68), 1-1 Thomas Amang (81), 1-2 Etzaz Hussain (90+1)

Gule kort: Thomas Amang

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset - Didrik Sereba (Beite, 67), Bader Rahhaoui, Bendik Rise (Myklebust, 89)

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Magnus Myklebust, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Sondre Beite, Håkon Brautaset, Aleksander Rekdal