- Dette blir veldig spanande. Vi har aldri vore med på noko liknande før, seier Katrine Fredriksen Ulstein (15).

Katrine og Thale Veddegjerde (16) frå Hødd Handball er kalla inn til talentsamling i Orkanger i slutten av juni. Dei er kalla inn til kvar si årskull-gruppe, då Katrine er med i 2002-gruppa og Thale i 2000-2001-gruppa. I kvar årsgruppe er det rundt 50 spelarar frå Finnmark i nord til Møre og Romsdal i sør.

- Vil nå langt

Begge jentene har ambisjonar om å bli handballspelarar på høgare nivå med tida.

- Det er veldig kjekt å bli kalla inn til ei slik samling, der vi får møte andre spelarar frå store delar av landet, seier Katrine.

15-åringen har ein tanke om å gå skule i Trondheim når ho blir eldre, og kanskje prøve å spele seg opp i Byåsen, ein av Norges mest kjende og beste handballklubbar.

- Eg ønskjer å nå langt, men kor langt eg kjem meg er vanskeleg å seie enno, seier ho.

Også Thale har ein tanke om å sjå kor langt ho kan nå innan handballen.

- Først og fremst er dette ein fin sjanse til å møte andre på same alder som driv med handball. Det er nok også ein fin læringsarena. Eg gler meg, seier Thale Veddegjerde.