Tida var sjølvsagt også ny personleg rekord. Den tidlegare var på 11,63, sett under Midsundleikane førre helg.

Med så gode forhold som det var på Hareid stadion denne dagen hadde trenar Arve Hatløy venta seg at klubben sitt største sprint-talent skulle perse seg – og det gjorde han til gagns. Jonas sjølv var godt fornøgd med løpet. Han hadde ein god sparringpartner i klubbkamerat og seniorløpar Niklas Roppen Masters, som sesongdebuterte på 11,42.

- Vi skal ha mykje kjekt framover, sa trenar Hatløy. Framoleikane i Bergen er det første, men toppforma blir sikta inn først mot junior-NM og ungdoms-NM på seinsommaren og tidleg haust.

Jonas Ose si tid gir for øvrig 1095 på Tyrving-tabellen.

Hareid IL var spådd å få regnvêr under stemnet, men det viste seg å ikkje halde stikk. Gradestokken viste over 20 grader og nokre få regndropar kom først då stemnet var inne i sluttøvingane.

Dei som sprang 60- og 100-meter hadde om lag 1 sekundmeters medvind – og elles var det temmeleg vindstille.

Før dei eldre utøvarane kom i sving var det eit stort slepp av unge gutar og jenter frå 6-årsalderen og oppover – først og fremst på 60-meter og i lengdegropa.