Kunstscoringa til Andreas Rødsand etter 82 minutt avgjorde det heile på Høddvoll. Rødsand klemte til frå 20 meter, og sendte ballen klin i krysset. Ei vakker, vakker scoring, som diverre fekk alt å seie for resultatet. Dermed kopierte Nest-Sotra resultatet frå då laget møtte Hødd sist, i 2015, berre at laget frå Sotra då vann 3-2 heime. Sindre Eid var på ingen måte nøgd med å måtte gi frå seg tre poeng heime på Høddvoll.

- Eg er ekstremt skuffa. Vi gjer ein god førsteomgang, og eg meiner vi nok burde scora eit mål til, til dømes då Didrik blei spelt forbi forsvarsrekkja og kom åleine med keeper. Vi skulle til dømes hatt straffe då ein av spelarane deira handsa innanfor seksten, men dommaren blas ikkje. I andre omgang er det fullsteindig flatt batteri, og eg skjønar rett og slett ikkje kvifor, sa Sindre Eid til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

I ettertid var det nok eit lurt trekk av Nest-Sotra då dei gjorde to spelarbytte i pausen. Gjestane hadde mykje meir energi i starten av andre halvdel, og Hødd levde farleg ved fleire høve. Etter kvart kom også betalinga for girskiftet til gjestane. Alexander Dang scora ikkje berre éin, men to gonger, på fem minutt.

- Forsvarsspelet vårt i andre omgang var frykteleg svakt. Vi gjorde både individuelle og strukturelle feil, og vi heng ikkje saman i det heile. Då blir det vanskeleg, seier Eid.

Ferdig med knalltøff kampveke

Hødd-trenaren vel no å leggje dette oppgjeret bak seg, og heller sjå framover mot neste kamp, borte mot Notodden.

- No får vi ei heil treningsveke på oss til å lade batteria igjen. Så skal vi reise til Notodden neste helg, og slå dei.

Hødd er no ferdig med ei knalltøff kampveke, som enda med siger mot Nardo, tap, men meget god prestasjon, for Molde i cupen, og tap igjen mot Nest-Sotra.

- Eg hadde eigentleg håpa at ein god kamp mot Nardo og ein ny god kamp mot Molde skulle gi oss energi, men det såg ikkje sliik ut etter sidebytet i dag. Vi står ikkje løpet ut. Vi er stort sett bra i førsteomgangane, men svakare i andreomgangane. Dette fenomenet må vi finne ut av kvifor skjer, og det fort. Å sleppe inn tre mål på 45 minutt er ikkje likt oss, seier Sindre Eid.

- Blir passive

Hødd-kapteinen var heller ikkje spesielt nøgd med kampen mot Nest-Sotra.

- Eg er utruleg skuffa over kampen, prestasjonen, ja, alt, seier Hødd-kaptein Jesper Törnqvist til lokalavisa.

Hødd scora etter berre tre minutt, og hadde god kontroll lenge.

- I andre skal vi gå ut og styre kampen, passe på leiinga. Men vi blir altfor passive, og kjem ikkje høgt nok opp i press. Vi var ikkje eit lag der ute i dag, seier Törnqvist.

Han skulda i likskap med Eid ikkje på energinivået til Hødd etter to tøffe kampar før denne, og var like overraska over kor slappe Hødd var etter pausen.

- Det var ingen god omgang, seier Törnqvist.

Kampfakta

Hødd – Nest-Sotra 2–3 (1-0)

Bane: Høddvoll

Tilskodarar: 1.264

Dommar: Ole-Alexander Valen (Kråkerøy IL)

Mål: 1-0 Torbjørn Kallevåg (3), 1-1 Alexander Dang (58), 1-2 Dang (63), 2-2 Jesper Törnqvist (65), 2-3 Andreas Rødsand (81)

Gule kort: Didrik Sereba, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg, Badr Rahhaoui, Bendik Rise (Hødd), Erlend Hellevik Larsen, Akinbola Akinyemi (Nest-Sotra)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg - Didrik Sereba, Bendik Rise, Amani Mbedule

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Eirik Haugan, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Sondre Beite

Hødd-trenar Sindre Eid og kaptein Jesper Törnqvist hadde ein litt småoppheita diskusjon etter kampslutt, og det var tydeleg at Eid ikkje var nøgd med forsvarsspelet i høve målsituasjonane. Foto: Per Werkland.