Didrik Sereba var både høgt og lågt for Hødd i oppgjeret mot Nest-Sotra, og jobba godt gjennom store delar av kampen. Han noterte seg også for ein assist, og den var av det lekre slaget.

Etter ei utsøkt pasning frå Bendik Rise i det tredje speleminuttet, fekk Sereba meisterleg tatt ned ballen og spelt ut til Torbjørn Kallevåg som sette ballen i mål frå 10 meter.

- Vi får ein kjempestart på kampen og scorar allereie etter tre minutt. Eg føler at vi er solide i første omgang og vi kjem til fleire gode sjansar i tillegg til å ha grei kontroll bakover. I  andre omgang bommar vi totalt, vi slit i 45 minutt og får ikkje til det same spelet. Nest-Sotra får fleire store sjansar og var betre enn oss i dag. Eg veit ikkje kvifor vi er så dårlege etter pause, men det er ikkje bra, sa ein skuffa Didrik Sereba etter kampen.

- Kjipt å få i fleisen igjen

Sereba såg også likheiter mellom denne kampen og oppgjeret mot Molde i cupen i midtveka.

- Vi fekk ein kalddusj mot Molde i midtveka, og i dag får vi ei sein scoring i mot igjen. Det er veldig kjipt å få to i fleisen på nokre dagar, men no må vi mobilisere og ta oss saman før neste kamp.

Det kunne raskt ha blitt fleire mål til Hødd i første omgang, og det var fleire som ville ha straffespark etter at eit innlegg frå Amani Mbedule gjekk i arma på ein Nest-Sotra-spelar.

- Eg vil ikkje kommentere den situasjonen. Eg såg at ballen endra retning, men ikkje kvar den traff. Eg veit ikkje om det var hands eller ikkje, men det er ikkje så viktig no, sa Sereba.

Han er derimot veldig sikker på at dei blåkvite skal vise seg frå si beste side igjen mot Notodden neste søndag.

- Vi skal slå sterkare tilbake i neste kamp, og vise kva vi er gode for. Vi skal kjempe om opprykk i år, avslutta han.

- Surt

Torbjørn Kallevåg spelte sin kamp nummer 100 for Hødd søndag, men det var naturleg nok ikkje på denne måten han ønskte å feire akkurat den milepålen.

- Nei, på ingen måte. Dette var svakt av oss, og veldig surt, seier Kallevåg.

To mål i mot der Nest-Sotra sin tomålsscorar Alexander Dang får stå i fred i feltet, og eit skot frå distanse, der ingen var oppe i målscorar Andreas Rødsand var dei kalde, harde fakta for Hødd i denne kampen, meiner Kallevåg.

- Det starta bra, men dette var keisamt.

Hødd-toppscorar Kallevåg var godt nøgd med scoringa si, og vil nok ein gong slengje nokre rosande ord i retning Bendik Rise, som på flott vis spelte ei langspasning fram til Didrik Sereba, som igjen la ut til bømlingen.

- Vi viser at når vi verkeleg speler bra, ja, så scorar vi flotte mål også, seier Kallevåg til slutt.