Sist veke vart det personleg rekord for Ådne Andersen under sesongopninga i Tyskland. Då sprang han 1500 meter på 3.48,28.

Denne helga var Andersen i Belgia, der han deltok under IFAm Outdoor i Oordegem. No var det 800 meter som stod på programmet for 23-åringen, men også her blei det ny bestenotering.

I Belgia var Andersen seks tidelar raskare enn sin tidlegare "pers", og sprang inn til 1.52,11. Dette var også distansen han tok NM-gull på under innandørs-NM i Ulsteinhallen i vinter.

Andersen sin nye "pers" er også tredje raskaste tid av ein nordmann så langt i år.