- Vi var storfavorittar i denne kampen, men vi har nyleg gått på to leie tap i serien før dette, og var nok litt usikre på kvar vi var før vi kom i gang. Men, vi gjennomførte totalt sett ein solid kamp, scora tre mål og vann fortent, sa Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Sjå kampreferat her.

I fleire periodar av kampen var det berre marginar som hindra Vidar i å score mål, noko Eid kjente godt på gjennom nitti minutt.

- Vi var rufsete i starten av kampen, men så hadde vi til gjengjeld ein periode i andre omgang der vi burde scora to-tre mål og avgjort kampen der og då. Då vi ikkje fekk andre målet før etter halvspelt omgang, var det nok litt nervøst til tider. Kampen levde i høgste grad, og det gjorde det også til eit spanande oppgjer. Vi fekk så måla vi trengte for å sikre sigeren, og vi tek med oss vidare at vi kontrollerte mykje av det som skjedde utpå der, seier Eid.

Hyllar Badr

Badr Rahhaoui fekk sitt første offisielle mål i Hødd-trøya, då han sette inn 2-0 målet for Hødd etter 68 minutt. Eit mål både Badr og heile Hødd-laget venta på i denne kampen. Eit absolutt forløysande mål.

- Badr er ein fantastisk gut, og ein god fotballspelar. Han jobbar knallhardt kvar einaste dag på trening, og sjølv om han ikkje alltid speler, er han ein utruleg positiv type og ein ressursa i spelargruppa. Så skal ein også ikkje gløyme at dette er ein ung spelar, han er berre 19 år gammal. Eg er veldig glad på hans vegner i dag, seier Hødd-trenaren.

Som poengterer at Hødd får nye, tøffe kampar framover.

- Vi skal nytte denne veka til å førebu oss på kampen mot Vindbjart borte.

- Vi gjer mykje bra

Bendik Rise var igjen ein viktig brikke for Hødd, og mot Vidar var lysluggen både høgt og lågt på bana, hardtarbeidande i forsvar og inviterande i angrep. Det var då heller ikkje spesielt rart at det var han som skulle kome til å setje sitt preg på kampen berre 17 minutt inn i kampen, då han frå rundt 30 meters hald sette eit frispark rett i mål bak ein forfjamsa Vidar-keeper til 1-0.

- Eg er veldig nøgd med eigen prestasjon. Men vi gjer mykje bra både eg og laget elles. Det skal vi ta med oss vidare, seier Rise til lokalavisa.

Rise meiner Hødd var solide mot Vidar, sett under eitt.

- Litt slurvete til tider, men vi har ballen og pressar på. Vi kunne scora endå fleire mål. Det var jo sjølvsagt veldig kjekt å få nok eit mål, men viktigast av alt var at vi rodde i land ein solid siger. Ein siger er viktig, og vi tek ein kamp av gongen.

Etter ni spelte kampar ligg Hødd no på ein sjetteplass, med 14 poeng. Fem poeng bak Nardo på kvalikplass.

Kampfakta

Hødd – Vidar 3-0 (1-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1191

Dommar: Magnus Koløy, Bjørndal IF

Mål: 1-0 Bendik Rise (17), 2-0 Badr Rahhaoui (68), 3-0 Torbjørn Kallevåg (85)

Gule kort: Vegard Heltne, Bendik Torset, Badr Rahhaoui (Hødd), Sigve Christensen (Vidar)

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Bendik Torset, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise - Preben Sætre (Myklebust, 69), Bader Rahhaoui (Mbedule, 79), Didrik Sereba (Saunes, 87)

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Eirik Haugan, Magnus Myklebust, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Amani Mbedule, Martin Mork Breivik