Ådne Andersen stod tidleg torsdag kveld på startstreken i det nasjonale forstemnet under Bislett Games i Oslo.

Andersen vann denne øvinga under NM i Ulsteinhallen tidlegare i vinter, men møtte sterk motstand på Bislett, mellom anna frå eit par løparar frå Sør-Afrika.

Dimna-løparen var fint med dei første 600 metrane, men ut på dei siste 200 gjekk det litt for raskt i feltet og Andersen tapte nokre plasseringar dei siste 100 metrane. Vinnartida til Rynhardt van Rensburg frå Sør-Afrika vart til slutt 1.48,98. Ådne Andersen kom i mål på 1.53,89 som er om lag halvanna sekund bak hans eigen personlege rekord.

Dimna IL hadde også med ein annan løpar under forøvingane. Mangekjemparen Toralv Opsal var i aksjon på 400 meter, og leverte eit temmeleg bra løp på Bislett. Opsal tangerte sin personlege rekord på 48,93. Det heldt til ein femteplass i løpet.

Karsten Warholm er den tredje Dimna-utøvaren som skal i sving torsdag. Han skal i aksjon under Diamond League-stemnet.

Toralv Opsal tangerte sin personlege rekord med 48,93 på 400 meter under forøvingane til Bislett Games.