Med ein stor og grønkledd gjeng frå Dimna IL på plass på Bislett var alt klart for Karsten Warholm torsdag kveld.

Etter at fleire nordmenn hadde levert store prestasjonar på Bislett, mellom anna ved Isabell Pedersen og Jakob Ingebrigtsen, var det endeleg klart for Karsten Warholm sin sesongdebut på 400 meter hekk. Med fantastiske 44,87 på 400 meter utan hekkar i Florø sist helg var det store forventningar til Warholm, sjølv om stortalentet skulle måle seg mot mange av dei beste i verda på denne distansen.

Karsten er ein av utøvarane det verkeleg har blitt bygd opp rundt før Bislett Games, og NRK hadde eiga nedtelling til stortalentet skulle i elden torsdag.

Mor Kristine Haddal var også inne på NRK si sending like før Warholm skulle i elden, og ho meinte sonen såg ut til å vere klar for det som skulle kome.

Warholm stilte i sjuande bane i feltet, like ved den regjerande VM-meisteren. Warholm gjekk kjapt ut og tok leiinga i feltet frå start. Teknikken stemte også godt for stortalentet og Warholm sette full fart mot mål. Det gjekk verkeleg fort og Karsten sette ny norsk rekord på 48,26! Det heldt til siger på Bislett!

- Det er ubeskriveleg, seier Kristine Haddal til Nrk etter sonen sitt fantomløp.

Tida er også den tredje beste i verda på 400 meter hekk så langt i år.

Andreas Torkildsen seier til NRK at Karsten Warholm leverer.

- Han forbetrar seg heile tida, og det er veldig kjekt å sjå han levere, seier Torkildsen til NRK.

Også hekkelegenden Edqin Moses rosar Warholm, men peikar på at det er viktig for stortalentet å bygge seg opp erfaring på distansen.

Trenaren til Karsten Warholm seier det enkelt etter løpet.

- Det var kjekt! slår Leif Olav Alnes fast.

I kommunestyresalen i Ulstein kommune stod jubelen i taket då Warholm storma inn til ny norsk rekord. Sjå også helsing frå ordføraren i denne saka.

- Eg har aldri hatt ein slik oppleving på friidrettsbana. Vi gler oss over dei tinga som er tunge å prestere. Det er noko anna enn Dimnaleikane, men eg er veldig nøgd inni meg, seier Warholm som vann sitt første Diamond League-stemne.

- Vi har jobba så knallhardt denne vinteren, seier Warholm om den jobben han og Leif Olav Alnes har lagt ned i løpet av vinteren.

- Eg trur vi skal finne noko meir å forbetre, seier Warholm til NRK. Etter å ha slått sin eigen norske rekord på 400 meter hekk.