Esten Oddmund Sæther, eller Esten O. Sæther, er ein av Norges mest kjende sportsjournalistar og sportskronikørar. I samband med at Dimna IL-utøvar Karsten Warholm, Norges kanskje største friidrettsnamn for tida, skal springe 400 meter hekk under Bislett Games torsdag kveld, har Dagbladet-profilen forfatta ein kommentar om stortalentet frå havgapet. (Ekstern lenkje). Ein kommentar der han verkeleg har gått i djupna for å fortelje om idrettsmannen Karsten.

– Eg trur det med god sjølvtillit er ganske typisk for dei som er aller best, og sjølvtillit har Karsten «plenty» av. Eg oppfattar han som veldig detaljorientert. Han er interessert i dei små tinga. Samstundes skjønar han at det han driv med er noko, og at livet er så mykje meir enn dette. Karsten verkar til å vere veldig til stades i det han gjer, seier Sæther til Vikebladet Vestposten.

Mennesket Karsten

Kommentatoren og kronikøren skriv ikkje berre om kva Karsten Warholm har oppnådd i si hittil korte karriere på seniornivå, men også om sjølve mennesket Karsten. Warholm sette som kjent ny norsk rekord på 400 meter flatt i helga som var, men det var det som skjedde under fjorårets NM Sæther verkeleg beit seg merke i. Her er eit utdrag frå kommentaren:

Sist helg smadra Karsten Warholm den norske 400 meter-rekorden med over eitt sekund til flotte 44.87; den raskaste tida i Europa i år. Førre gang 21-åringen sette rekord på denne distansen, blei sjølve tida annullert. Det skjedde under NM i fjor sommar då arrangøren sitt automatiske tidtakarsystem kollapsa samtidig som det manuelle sikringsopplegget glapp.

Både ein teknisk og ein menneskeleg svikt altså. Den tabba midt i ein meisterskap, ville nok irritert dei fleste som lever av å få målt idrettsprestasjonen sin heilt nøyaktig.

Karsten derimot var like glad, imøtekomande og reflektert som alltid, og snakka om respekten han har for den innsatsen dei frivillige gjer i friidretten i staden for å sutre om rekorden som tilfeldigvis glapp.

– Det er mellom anna dette som gjer Karsten så unik. Han er ikkje berre ein framstormande og dyktig idrettsmann, han er også eit sabla godt menneske, seier Sæther.

Som også trekkjer fram Dimna IL og trenar Arve Hatløy, som han beskriv som heilt essensielle bestandsdelar som har gjort Karsten Warholm til norsk friidrett sin nye "wonderboy".

Les kommentaren til Esten O. Sæther her. (Ekstern lenkje).

– Eit av dei største talenta vi har sett

Sæther har gjennom ei lang karriere som sportsjournalist, redaktør og landslagstrenar i futsal sett mange store idrettsfolk kome og gå. På spørsmål om kor stor han trur 21-åringen frå Ulstein kan bli, seier han dette:

– Det må vere eit av ei største norske talenta vi har sett. Om han kjem opp på sportsleg nivå med utøvarar som til dømes Grete Waitz, Ingrid Kristiansen og Vebjørn Rodal står att å sjå. Det vil dei neste åra vise, trur eg. Men, når det gjeld progresjon er det knapt nok nokon som har kome så raskt opp som han. Det gjer han annleis frå desse andre. At ein juniorverdsmeister i ei øving (verdsmeister i åttekamp i U18-meisterskapen i Ukraina i 2013) berre i løpet av to-tre år er oppe på eit internasjonalt toppnivå som senior, i ei laupsøving, det har vi nok ikkje sett før. Det har gått fort, veldig fort.

Den einaste Sæther kan tenkje seg har meistra eit øvingsskifte på same måten som Karsten har gjort var Herefoss IL- og IL i BUL-utøvar Reidar Andreassen, to gonger norsk meister på 50 kilometer langrenn.

– Han sprang ein vanvitig rask 5.000 meter hugsar eg, og han kom på andreplass på 3.000 meter hinder i noregsmeisterskapen, på sitt første forsøk! Det finnast nokre få slike, som er raske til å omstille seg. Karsten er i den klassen. Det har nok mykje med at det er så leikbasert det han driv med. Alt er gøy, alt er til for å prøvast, seier Sæther.

Håper teknikken sit

Sæther tør ikkje tippe korleis Warholm vil gjere det i kamp mot verdseliten på 400 meter hekk torsdag kveld.

– Eg skal ikkje late som at eg er ekspert nok til å vite korleis han står framfor dette løpet. Det eg veit er at han framleis er i ein læringsfase når det gjeld denne øvinga, som utan tvil er ei teknisk vanskeleg øving. Eg håper teknikkdelen sit i hekkepasseringane. Slik sett trur eg det er greitt å ikkje hausse opp akkurat dette løpet for mykje. Men all mogleg suksess unner eg han, seier Esten O. Sæther.

– Haldningane hans er det beste med han

Sæther merkar seg at fleire og fleire får auga opp for Karsten Warholm. Det trur han har like mykje med kven han er, som kva han gjer og har gjort.

– Han er dønn ærleg med seg sjølv. Haldningane han er det beste med han, og det som imponerer meg mest. Det er veldig greitt at eg såg Karsten veldig tidleg, fordi for nokre år tilbake var norsk friidrett ifølgje mange i ei djup krise, utan dei heilt store stjernene. Men, eg bad, mellom anna på kommentatorplass i Dagbladet, folk om å slappe av. Det fordi det ville kome nokre heilt spesielle talent opp med tida. Karsten er i dag blant desse, og eg er veldig glad for at eg hadde rett den gongen, seier Sæther.

– Ingen er som Karsten

Han meiner også at Karsten sin unike måte å drage med seg andre på eventyret sitt, har mykje å seie for korleis han blir sett.

– Det å sjå korleis han tek med seg ein heil klubb og eit heilt lokalmiljø inn i sin eigen suksess, det er flott. Eg hugsar berre kor stort han følte det ville bli å kome tilbake til nye Ulsteinhallen og gjere det godt der under NM på heimebane. Han skjønar kvar han kjem frå, og kva som gjer det bra å drive med idrett. Han veit kva som gir han verdi. Resultata blir ståande, men det er minna våre med andre menneske som er det viktigaste. Han er så raus og oppmerksam, samstundes som han er ein småvittig type. Det er ikkje mange 20-åringar som hadde gjort som han etter arrangørtabba under NM i fjor. Men så er det heller ingen som er som Karsten, seier Esten O. Sæther til slutt.

Karsten Warholm. Foto: Eirik Førde.