Det vart eit klart tap borte mot Bergsøy sist kamp for Hareid.

No har ikkje laget vunne sidan andre serierunde, sjølv om det så langt berre har blitt to tap på raudtrøyene.

På dei siste seks kampane står Hareid nemleg med heile fire uavgjorte, samt eit knipent 2–1 tap for Hødd 2.

Fredagens motstandar tapte heile 5–0 då dei møtte Hødd-rekruttane, men Godøy har vist meir positive takter den siste tida, etter at det berre vart eitt poeng på dei første fem kampane denne sesongen. På dei tre siste har det blitt sju, inkludert sigrar mot både Norborg og Langevåg. Begge kampane enda 3-0, medan det vart 1–1 borte mot Rollon.

Det har ført Godøy opp på åtte poeng, to bak Hareid som ligg på ein femteplass på tabellen.

Hareid har vunne ein kamp, spelt to uavgjorte og tapt ein på heimebane. Godøy har framleis til gode å vinne på framand gras.

4.-divisjon torsdag:

Larsnes/Gursken - Skarbøvik 5-0

Langevåg - Hødd2 5-6

4.-divisjon fredag:

Hareid - Godøy

Norborg - Rollon

FK Sykkylven - Volda

Emblem - Bergsøy