Etter ein innhaldsrik kveld på Bislett torsdag var mange utøvarar frå Dimna IL fredag i aksjon under første dag av Tyrvingleikane på Nadderud.

Johanne Rise Kvalen vann høgdekonkurransen i J17-klassa, men det var tett i toppen. Faktisk var det fire jenter som hoppa 1,60, men berre Rise Kvalen klarte det i første forsøk, og dermed var det Dimna-jenta som stakk av med sigeren. Ho gjorde også tre forsøk på 1,65, men kom ikkje over denne gongen. Ho sette ny personleg rekord med 1,63 under Framoleikane i Bergen.

På 200 meteren for kvinner senior vart det også siger til Dimna IL. Alice Ulla Berg var svært uheldig då ho fekk ein kraftig strekk på baksida av låret under NM i Ulsteinhallen, men ser ut til å vere tilbake i bra slag. På Nadderud sprang ho inn til 25,53 i 1 meters motvind og det heldt til siger på distansen, framom Sara Dorthea Jensen.

Totalt er det om lag 30 Dimna-utøvarar i aksjon under Tyrvingleikane.