Johanne Rise Kvalen sette pers med 1,63 under Framoleikane. Under Tyrvingleikane stoppa ho på 1,60, men det heldt til førsteplass i J17-klassa. (Foto: Arve Hatløy. )

Johanne Rise Kvalen sette pers med 1,63 under Framoleikane. Under Tyrvingleikane stoppa ho på 1,60, men det heldt til førsteplass i J17-klassa. Foto: Arve Hatløy.

Tyrvingleikane:

Johanne vann høgdekonkurransen

Medan Alice Ulla Berg leverte på 200 meter for Dimna IL.

Etter ein innhaldsrik kveld på Bislett torsdag var mange utøvarar frå Dimna IL fredag i aksjon under første dag av Tyrvingleikane på Nadderud.

Johanne Rise Kvalen vann høgdekonkurransen i J17-klassa, men det var tett i toppen. Faktisk var det fire jenter som hoppa 1,60, men berre Rise Kvalen klarte det i første forsøk, og dermed var det Dimna-jenta som stakk av med sigeren. Ho gjorde også tre forsøk på 1,65, men kom ikkje over denne gongen. Ho sette ny personleg rekord med 1,63 under Framoleikane i Bergen.

På 200 meteren for kvinner senior vart det også siger til Dimna IL. Alice Ulla Berg var svært uheldig då ho fekk ein kraftig strekk på baksida av låret under NM i Ulsteinhallen, men ser ut til å vere tilbake i bra slag. På Nadderud sprang ho inn til 25,53 i 1 meters motvind og det heldt til siger på distansen, framom Sara Dorthea Jensen.

Totalt er det om lag 30 Dimna-utøvarar i aksjon under Tyrvingleikane.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kanskje kan det gå ein autonom båt inn til Ulsteinvik?

Rorbuer og bustader på Lyngneset

Hareid og Ulstein skal samarbeide om brannvern

Signerte kontrakten

Steinar Reiten, KrF om Runde Miljøsenter og maritim industri

-Bør samarbeide tettare