Bak frå venstre: Runa Mork Røyset, Kristin Marø, Karina Gade Larsen, Mathilde Hassel, Victoria Røren, Martine Svendsen Holstad, Katrine Holstad, Natalie Seljeseth Bøe. Framme frå venstre: Ella Karin Haugen, Arnhild Åsmo Bigset, Cecilie Skeide, Hanna Holstad Grimstad, Shaajeena Jeyathas, Amalie Hong Koppen. Maria Juul Hansen spelte også kampen, men var ikkje til stades då biletet vart tatt. (Foto: Hareid IL)

Bak frå venstre: Runa Mork Røyset, Kristin Marø, Karina Gade Larsen, Mathilde Hassel, Victoria Røren, Martine Svendsen Holstad, Katrine Holstad, Natalie Seljeseth Bøe. Framme frå venstre: Ella Karin Haugen, Arnhild Åsmo Bigset, Cecilie Skeide, Hanna Holstad Grimstad, Shaajeena Jeyathas, Amalie Hong Koppen. Maria Juul Hansen spelte også kampen, men var ikkje til stades då biletet vart tatt. Foto: Hareid IL

4.-divisjon kvinner:

Storsiger før sommarpausen

Hareid imponerte heime mot MSIL.

Det har blitt ein svært god vårsesong for Hareid IL sitt damelag i 4.-divisjon. Sju kampar er spelt og Hareid står no med seks sigrar og eitt tap. Tapet kom i lokaloppgjeret mot Hødd-rekruttane, som toppar tabellen etter vårsesongen.

Torsdag sikra Hareid seg ein ny siger, og det på overbevisande måte.

Til pause hadde Hareid allereie scora fire gongar. Victoria Røren, Hanna Holstad Grimstad, Matilde Hassel og Karina Gade teikna seg alle på scoringslista i den første omgangen.

Etter pausen sette Matilde Hassel inn sitt andre for kvelden, før Cecilie Skeide banka inn fire mål i løpet av om lag 20 minutt mot slutten av kampen. Hareid vann dermed med solide 9-0 heime på Hareidsmyrane.

Anita Waage sitt mannskap kan dermed ta ein velfortent ferie på andreplass, berre tre poeng bak Hødd, som også vann torsdag. Hareid har ei luke på åtte poeng ned til Bergsøy på tredjeplass, og det ser ut til at det er Hødd og Hareid som skal kjempe om topp-plasseringa i denne avdelinga utover hausten.

Neste kamp for Hareid blir først 24. august.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kanskje kan det gå ein autonom båt inn til Ulsteinvik?

Rorbuer og bustader på Lyngneset

Hareid og Ulstein skal samarbeide om brannvern

Signerte kontrakten

Steinar Reiten, KrF om Runde Miljøsenter og maritim industri

-Bør samarbeide tettare