Karsten Warholm tok kommandoen frå start på langhekken under Diamond League-stemnet på Bislett torsdag. I bana innom seg hadde Warholm sjølvaste Kerron Clement, men den regjerande olympiske meisteren kom aldri opp på sida av den norske 21-åringen. Det gjorde ingen av dei andre i feltet heller, og sjølv om Warholm var i den siste hekken var det eigentleg aldri nokon tvil.

21-åringen storma mot mål og mot svingen der familie, vener og alle klubbkameratane frå Dimna IL var samla og passerte målstreken 48,25 sekund etter startskotet. Ny norsk rekord og den tredje beste tida som er registrert på denne distansen så langt i 2017.

Første sidan 2010

Dermed er Warholm den første nordmannen som vinn under eit Diamond League-stemne på Bislett sidan Andreas Thorkildsen gjorde det i 2010.

– Det var veldig god stemning. Dette var kjempegøy, fortel Warholm til Vikebladet Vestposten frå toget på veg til Stockholm, der han også skal kjempe om Diamond League-poeng.

– For meg var det særs gøy på Bislett, det var veldig kult å få det til på Bislett. Det var ein magisk kveld, slår Warholm fast.

Stortalentet legg til at han synest sjølve løpet var godt gjennomført, sjølv om han var borti den siste hekken.

– Eg klarte å kome meg etter den, og sjølv om eg kanskje tapte litt tid der så spelar ikkje det så stor rolle.

Spesielt ikkje når ein likevel vinn, og slår dei regjerande europa-, verds- og olympiske meistrane.

– Det er absolutt brukbart, kommenterer Warholm med ein liten latter.

Han har dermed sikra seg ein svært god sesongstart, der det har blitt norske rekordar både på 400 meter og på 400 meter hekk.

Må samle krefter

Men løpet på Bislett kosta krefter. Warholm tok ut det han hadde.

– Eg tok meg ut som pokker, så i dag er eg litt tom!

Dimna-utøvaren har også hatt eit større press på seg og meir merksemd rundt seg enn det han har vore van med, og Warholm fortel at det også kan ta på.

– Det tappar litt krefter, men eg føler at eg taklar det temmeleg bra. Ein må berre prøve å ta det med eit glis, og for det meste så set eg pris på det, sjølv om eg kan verte litt sliten av totalpakken. Det er likevel ein naturleg konsekvens av at eg har gjort jobben, og det er jo det viktigaste.

Etter så mykje merksemd og med eit knalltøft løp i beina torsdag handlar mykje om å få landa skikkeleg før Warholm skal ut i nye konkurransar. Og han har ikkje veldig mykje tid før Diamond League-stemnet i Stockholm.

– Eg har med meg to kompisar til Stockholm, så no spelar vi kort og satsar eigentleg berre på å slappe av mest mogleg. No handlar det om å prøve å få att litt overskot, det blir det viktigaste, seier han.

Med to knallsterke løp så langt denne sesongen er det lett å forvente at det berre skal gå ein veg for Warholm, men sjølv ønskjer han å senke forventningane noko før sitt andre Diamond League-stemne på få dagar.

– Eg må berre prøve å levere eit stabilt løp og gjere det greitt. Det blir naturleg nok ikkje det same som på Bislett.

Bislett er eit høgdepunkt for ein norsk utøvar?

– Absolutt! Utan tvil.

Der var Warholm på førehand trekt fram som ein av dei ein verkeleg måtte sjå opp for, og då passar det fint å levere som han gjorde.

– Det betyr ekstremt mykje, og det er ikkje berre enkelt. Det har vore mykje som har skjedd rundt også og då måtte eg berre prøve å samle meg så godt som råd, seier han.

Utlading

Så får vi sjå om stortalentet klarar å halde fram den positive utviklinga fram mot U23-EM og ikkje minst til VM i London.

– No har vi hatt ei utlading no, og vi får sjå kor mange av dei eg toler, men starten har absolutt vore positiv, fortel han.

Solid Støtte: Mange frå Dimna fann vegen til Bislett. Foto: Dimna IL.