Karsten Warholm følgte opp suksessen frå Bislett Games og vann 400 meter hekk også under Diamond League-stemnet i Stockholm, søndag.

Warholm sprang over målinja på vinnartida 48.82. Og med det leiar han Diamond League.

Karsten har gjort ein fantastisk jobb, og etablert seg blant dei aller beste i verda, sa Vebjørn Rodal under NRK si direktesending.

- Eit veldig bra løp

Til svensk TV, SVT, sa Warholm dette like etter løpet:

– Det var eit veldig bra løp. Eg følte eg var sliten etter Bislett, men tydelegvis var dei andre endå meir slitne.

Rasmus Mägi frå Estland sprang i mål på tida 49.16, og blei med det nummer to. Bak han kom tyrkiske Yasmani Copello på ein tredjeplass.