Badr Rahhaoui hadde rett nok ingen stor kamp mot Vindbjart på topp for Hødd, men var likevel viktig for Hødd då det verkeleg gjaldt. For, Rahhaoui sette enkelt inn reduseringa for Hødd fem minutt før ordinær tid. Eit svært viktig mål som gav Hødd trua på å ta poeng i Vennesla.

- Vi gjekk jo eigentleg for alle tre poenga, og hadde førebudd oss veldig godt. Men så skjer dette på bana som vi ikkje var førebudd på, då Jan-Lennart (Urke) blei vist ut. Det gjorde at vi måtte endre på planen, seier Badr til Vikebladet Vestposten.

- God lagmoral

Rahhaoui ønskjer å gi honnør til innbytar Andreas Breimyr, som la ei flott pasning, slik at han kunne plassere ballen forbi Vindbjart-keeper Nicolai Berg.

- Etter utvisinga la vi oss meir bak i bana for å kontre. Men så scora dei to mål. Det blei uhyre tungt, men vi tenkte nok kollektivt at vi ikkje hadde noko å tape. Så fiksa Andreas (Breimyr, red.anm) det meste for meg, med eit glimrande stykke forabreid. Eg sette inn 1-2, og henta ballen ut av målet. Vi hadde svært dårleg tid. Heldigvis for oss har vi ein sterk bjørn i midtforsvaret. Steffen (Moltu, red.anm) var dyktig i feltet, blei riven ned, og vi fekk straffe. Avdelinga sin beste spelar, Torbjørn (Kallevåg, red.anm) sette ballen i mål, og vi kunne juble høgt. Slikt dette enda til slutt, viser vi vinnarvilje og god lagmoral, seier Rahhaoui.

Ein som var heilt einig med Rahhaoui var Bendik Rise.

- Vi får vanskelege forhold med ein mann mindre på bana, men vi kjempar oss tilbake. Vi viser enorm lagmoral ved å slå tilbake slik vi gjorde i dag, seier Rise.