Sundag arrangerte Varg Kampsport og Fitness sjølvforsvarskurs for jenter oppe i Ulsteinhallen.

Ti jenter lærte forskjellige teknikkar for å forsvare seg sjølv, med både slag og spark. Jentene lærte enkle teknikkar som er effektive.

Det var også ein foredragshaldar der som snakka til dei om temaet rus. Neste gong ser arrangørane for seg at det kan vere aktuelt å få politiet å kome og snakke med jentene.

Petter Faye Rundereim og Torbjørn Skar sa at det er fleire grunnar til at dei arrangerer slike kurs. Dei ønskjer at jenter skal lære å forsvare seg, dei ønskjer å tilby eit større mangfald av idrettsgreiner i Ulstein og å auka kampsportinteressa mellom jenter. Om jentene får lyst til å byrje med kampsport etter eit slikt kurs, er det ein bonus.

Dei legg også vekt på eit godt sosialt miljø mellom jentene.