Fleire lokale lag var med under årets Grodås Cup som vart arrangert sist helg. Hødd har i mange år hatt med lag i denne turneringa, og i år var det ekstra mange årsklasser med. Både Hødd og Hareid stilte med fleire lag i ulike aldersklasser.

Med for fjerde året på rad

Hødd sitt lag for gutar i 2005-årgangen var med for fjerde året på rad med tre lag. Gruppa har til saman nesten 30 gutar. Ikkje alle var med, men fem hospitantar frå 2006-kullet gjorde at det var nok spelarar på alle laga.

Hødd-laga i denne klassa vann dei aller fleste av kampane sine, men det er konkurranseklasser først frå og med 13 år.

Til topps

I småjenteklassen, 13/14-år, gjekk Hødd-jentene heilt til topps etter ein dramatisk finalekamp mot arrangørlaget Hornindal. Thea Svoren vart matchvinnar på golden goal tidleg i første ekstraomgang då ho kriga inn ballen.

Tidlegare på dagen hadde Hødd-jentene slått Hareid, Tjørvåg og Norddal/Eidsdal/Geiranger på vegen mot finalen. Banens beste i finalen var Hødd-keeper Nathalie Åsemyr, som leverte fleire strålande redningar. Ein uredd og tøff keeper.

Neste stopp for Hødd-jentene no er Norway Cup i Oslo saman med mange andre lokale lag i månadsskiftet juli/august.

Situasjon frå ein av kampane til Hødd G12 under Grodås Cup. Gaute Hopland, med ryggen til, med høgt spark. Til høgre medspelar Oliver Eliassen Aske. Foto: Arne Flatin, Hødd Fotball.