Dimna IL-utøvar Karsten Warholm trollbatt Bislett Stadion og det norske folk som følgde med på Bislett Games via skjermane sine heime, då han sprang inn til ein fenomenal siger på 400 meter hekk – i kamp mot verdseliten på distansen. Det gjekk verkeleg fort og Karsten sette ny norsk rekord på tida 48,26. 21-åringen tvila på om han hadde sjansen til å kopiere bedrifta frå Bislett torsdag, då han søndag stilte til start i nok eit Diamond League-stemne, denne gongen i Stockholm.

Men supertalentet slo til igjen, og slo alle i feltet nok ein gong. Warholm kryssa målstreken på vinnartida 48,82. No leier ulsteiningen, som også har ein bit hareidsdøling i seg, Diamond League samanlagt.

– Det var eit veldig bra løp, og det har vore veldig kjekke dagar, naturlegvis! Eg føler eg har fått meget bra utteljing for treninga og no er eg svært sliten, sa Warholm til Vikebladet Vestposten måndag.

– Ikkje så overraska

At Warholm presterer så godt i sine to fyrste Diamond League-løp denne sesongen var kanskje overraskande på dei fleste, men ikkje spesielt overraskande for tidlegare trenar for Karsten, Arve Hatløy.

– Om ein ser tilbake på historia hans følgjer han opp det han gjort dei siste åra. Han har tatt nye steg for kvart år. Karsten har hatt ein fin og jamn framgang på 400 meter hekk frå i fjor til i år. Eg er difor ikkje spesielt overraska over det vi såg på Bislett og i Stockholm, men det er utruleg kjekt at han får det til. Både desse to hekkeløpa, men også sigeren på 400 meter flatt i Florø, der han forbetra sin eigen noregsrekord med heile 1,23 sekund, seier Arve Hatløy.

Sjølv om han ikkje er trenar for Karsten lenger i det daglege, då Leif Olav Alnes har tatt over den stafettpinnen, så følgjer Arve godt med på han. Hatløy var til stades saman med ein stor delegasjon frå Dimna IL på Bislett, men fekk ikkje sett Karsten i aksjon i Stockholm, då han var med ein stor Dimna-tropp til Tyrvingleikane.

Mykje som skjer på kort tid

Arve kjenner Karsten betre enn dei fleste, og seier at alt som skjer no, og som verkeleg løftar Warholm opp på stjernehimmelen i friidrettsverda, kan slå ut kven som helst. Men ikkje Karsten.

– Han er sterk mentalt, og taklar dette veldig bra. Det er klart, det er ein litt annan setting å springe framfor publikum på Bislett og i Stockholm enn i Florø. At han i tillegg blei løfta fram som hovudutøvaren ein måtte følgje med på i forkant av Bislett Games, gjorde nok ikkje fokuset på Karsten noko mindre, seier Hatløy og legg til:

– Karsten er nesten meir kjend andre stader i landet enn i heimregionen, og har etter kvart blitt verdskjend i friidrettssamanheng. Det kjenner han på, og det er eit heilt anna trykk, blant anna i forhold til kven som vil ha tak i han.

Hatløy fortel at 400 meter hekk ikkje er for dei som ikkje likar smerte.

– Ein 400 meter hekk på eit slikt nivå som han er på no og på slike tider er veldig ubehageleg, veldig vondt. Ein har smerte til langt opp over øyra. Difor nyttar Karsten tida etter løpa no til å restituere seg. For allereie torsdag ventar nye utfordringar.

VM i august

21 åringen har mykje spanande framfor seg denne sesongen. Han er i aksjon igjen seinare denne veka for Norge under European Athletics Team Championships First League i Vaasa, Finland. Så ventar hovudmålet for sesongen, U23-EM i Polen, før han også stiller til start i VM i London i byrjinga av august månad.

– Det blir spanande å følgje med vidare, seier Arve Hatløy til slutt.

Dimna IL-utøvar Karsten Warholm var nok ein gong for sterk for resten av feltet på 400 meter hekk, då han kopierte bedrifta frå Bislett Stadion torsdag, under Diamond League-stemnet på Stockholms stadion. 21-åringen knuste til med ein sterk siger over verdseliten, og sprang i mål på tida 48,82. Foto: Anders Wiklund/TT/TT NYHETSBYRÅN.