Hødd hadde fleire mann ute med karantene som følgje av kort i kampen mot Vindbjart i Vennesla søndag. Men, dei blåkvite har også hatt fleire ute med skadar og sjukdom. Ein av desse er Sondre Beite. No friskmelder derimot trenar Sindre Eid driblefanten frå Skodje, og fortel at han kan vere tilbake i Hødd-drakt allereie torsdag.

- Han trener for fullt igjen, og var med på øktene både torsdag og fredag i førre veke, seier Sindre Eid.

Det var ei stund ikkje heilt sikkert kva som feila Beite. Kyssesjuka blei nemnt som ei moglegheit.

- Vi frykta litt ulike sjukdomsbilete, og kyssesjuka var eit av fleire moglege, men det var det definitivt ikkje. No er Sondre heldigvis frisk igjen. Det er særs viktig, først og fremst for han sjølv, men sjølvsagt også for Hødd. Han har fått nokre økter i beina allereie, og er i utgangspunktet klar allereie til Hødd 2 sin kamp mot Skarbøvik no torsdag, seier Eid.

Eid junior er usikker

Hødd-trenaren fortel at sonen Daniel Eid framleis er usikker, etter smellen han pådrog seg i bortekampen mot Fana.

- Han trener for fullt igjen, men har framleis smerter. Vi tek det dag for dag. Eigentleg hadde vi eit mål om at Daniel skulle få spele mot Skarbøvik torsdag, men vi vurderer det fortløpande fram til då.

Så kan det også nemnast at keeper Jan-Lennart Urke, som fekk direkte raudt kort i bortekampen mot Vindbjart, enno ikkje har fått vite kor lenge han blir ute. Slag, som dommaren meinte keeperen burde få straff for, blir det normalt sett gitt tre kampars karantene for.

- Han har sendt inn si forklaring til forbundet, og det står att å sjå kva karantene han får, seier Sindre Eid til slutt.