- Molde har eit godt juniorlag, med fleire U-landslagspelarar. Men eg meiner sjansane våre er store for avansement. Vi har ein god årgang vi også, og har sjansen til å klare dette. Vi satsar på cupen i år, og vi legg ikkje skjul på at vi ønskjer å gå vidare til fjerde runde, seier trenar Sander Håskjold Nyland.

Han og resten av rekruttgruppa har altså trua på at sterke Molde kan nedkjempast heime på Høddvoll, når dei to laga møtest til dyst førstkomande laurdag. Hødd sitt solide juniorlag kvalifiserte seg til tredje runde i junior-NM etter ein sterk siger borte mot Kristiansund BK.

- Eg trur ikkje eg tek i om eg seier at Molde er eit av dei fem-seks beste laga i Norge, kanskje blant topp tre. Dei vann NM for juniorar i fjor, og sjølv om enkelte 1997-modellar har gått ut av laget, har dei lukkast med å fylle på med gode ungdoms-landslagsspelarar. Dei er nok eit av dei kvassaste laga i Norge no. Kollektivet vårt må prestere maksimalt om vi skal ta oss vidare. Men det har vi trua på at vi kan klare, seier Nyland, som er hovudtrenar for rekruttgruppa saman med Einar Magne Skeide.

Som også håper på godt med publikum på tribunene laurdag.

Kan nå fjerde runde

Hødd sitt juniorlag har ikkje vore i fjerde runde sidan i 2008. Då kom dei blåkvite til semifinale. I fjor rauk Hødd ut mot laurdagens motstandar Molde. Dette skriv Hødd sjølve på sine nettsider:

- Hødd har ikkje gått til fjerde runde i juniorcupen sidan semifinale-tapet mot Viking for ni år sidan. Men no er ein ny god generasjon på veg opp på Høddvoll, og å ta skalpen på Daniel Berg Hestad sine elevar skal ikkje vere ei umogleg oppgåve for Hødd-gutta.

Sander Håskjold Nyland opplyser også om at det kan bli aktuelt å spare nokre av juniorspelarane frå rekruttlaget sin kamp borte mot Skarbøvik no førstkomande torsdag.