Dimna IL stilte med ein tropp på nesten 30 deltakarar under landets største friidrettsstemne, Tyrvingleikane, førre helg. Dei grønkledde gjorde det skarpt på Nadderud, og det blei ein solid medaljefangst for Dimna IL.

- Det var nok tida og sigeren til Jonas (André Ose, red. anm) som står igjen som den største prestasjonen isolert sett, men vi er veldig nøgde med prestasjonane generelt under Tyrvingleikane, seier Arve Hatløy til Vikebladet Vestposten.

Ulla Berg tilbake

Ose sprang i mål som vinnar på 100 meter, på tida 11,15. Men det var ikkje einaste gullfangsten for Dimna IL under det tre dagar lange friidrettsstemnet.

For Alice Ulla Berg var endeleg tilbake etter ein skadeperiode, og tok gull på 200 meter i dameklassen på tida 25,53.

- Alice sprang også ein god 400 meter. Det er veldig godt for ho å vere tilbake på friidrettsbana igjen, og godt for oss at ho kjem seg tilbake og lukkast, fortel Hatløy.

Tida på 400 meter blei 58,06, og heldt til ein sølvmedalje.

Yngste tok to gull

Ein av dei yngste i troppen til Dimna IL var Andrea Skaar Berg. Ho slo til med to gull i jenter 12-klassen. Ho vann både høgdekonkurransen (1,40) og 60 meter hekk.

- Å komme seg over ei høgde på 1,40 er svært imponerande for ein 12-åring, seier trenar Arve Hatløy.

Johanne Rise Kvalen var best av alle i høgdekonkurransen i jenter 17-klassen, og tok gull med eit hopp på 1,60.

Toralv Opsal imponerte også, og vann høgdekonkurransen med eit sterkt hopp på 1,90.

Fleire medaljar

Sander Kanestrøm tok sølv spydkonkurransen for gutar i 18/19-årsklassen, med eit kast på 52,06 meter. Anette Lydersen kasta slegga 34,71 meter i jenter 15-klassen, og fekk ein bronsemedalje for den prestasjonen.

Anette Lydersen sette pers i slegge og tok bronsemedaljen i Tyrvingleikane. Anette kasta slegga 34,73 meter.