Molde stilte med tre ungdomslandslagsspelarar på Høddvoll, men Hødd gjekk respektlaust til verks mot romsdalingane. Spelet bikka like mykje begge vegar dei første ti minutta av kampen. Begge lag satsa på stort tempo og kjappe pasningar.

Etter 19 minutt skulle det bli scoring for Hødd-juniorane. Håkon Botn Brautaset la flott inn i feltet, der Peter Saunes Hasund fekk stå heilt umarkert. Hasund stanga ballen i mål til 1-0 for Hødd. Etter 22 minutt var Bam Hide nær ved å putte på nok eit mål for Hødd, men diverre gjekk ballen utanfor.

33 minutt ut i kampen dømte dommar Torgeir Halsen straffe til Molde. Ei billig straffe, verka det til å vere. Eman Markovic var kald frå kritmerket, og sette ballen kontant i mål til 1-1 bak Sivert Pieroth i Hødd-målet.

Etter 44 minutt klemte Peter Saunes Hasund til frå 20 meter, men den harde markkryparen gjekk rett i klypene til Molde-keeperen.

Sjansebonanza i andre omgang

Over i andre omgang køyrde begge lag på frå startblokkene, men det var Hødd som fekk første avslutninga på mål. Gustav Dimmen klemte til frå distanse, men Molde-keeperen fekk kontroll på ballen. Etter 59 minutt fekk Molde frispark – eit nok så feilaktig eit, men Eman Markovic sitt skot gjekk rett i klypene til Sivert Pieroth.

Etter 65 minutt kom ein stor sjanse for Hødd, då Johannes Sundgot fekk avslutte etter eit flott raid frå Gustav Brandal Dimmen. Rett på keeper diverre. Peter Saunes Hasund hadde like etter moglegheita til å setje ballen i mål frå like innanfor sekstenmeterstreken, men ballen trilla utanfor mål.

Hødd var suverent best til dette punktet i andre omgang, og Molde var tydeleg nervøse. Etter 70 minutt fekk Molde og Eman Markovic tidenes sjanse til å setje inn sitt andre for kvelden, då han kom åleine med keeper. Han lobba over Pieroth, men i siste liten fekk Elias Flø dytta vekk ballen på sin veg mot ope mål.

Gustav Brandal Dimmen var nære på ved å sikre Hødd ei nettkjenning i andre enden av bana like etter, men skaut rett på keeper.

Med ti minutt igjen av oppgjeret på Høddvoll var det utan tvil Hødd som burde vore i føringa. Dei siste ti minutta av ordinær speletid var det mest av alt stillingskrig på Høddvoll.

Tap på straffekonk

Det gjekk til ekstraomgangar på Høddvoll. Omgangane skulle spelast to gonger fem minutt, då dette er regelen på juniornivå. Molde var utruleg nære ved å score i andre ekstraomgang, då ein bortespelar fekk hæla mot mål ei avslutning. Men ut av ingenting kom Hødd-keeper Sivert Pieroth og dytta ut ballen.

I straffekonkurransen som følgde sette Hødd sin lit til nemnte Pieroth, men diverre kom det ein bom allereie då første mann, Johannes Sundgot, skaut på mål.

Molde og straffescorar frå ordinær tid, Eman Markovic, trefte så på si første straffe. Bam Hide banka så ballen i mål for Hødd, før Leo Østigård gjorde det samme for Molde.

Håkon Botn Brautaset scora så for Hødd, før Christian Dahl netta for Molde. Sander Djupvik scora så for Hødd, rett før Sivert Gussiås scora. Så trefte Peter Saunes Hasund på Hødd si siste straffe for kvelden, men då Tobias Hammer Svendsen banka inn Molde si siste straffe for kvelden, stod det 5-6 i målprotokollen, og Molde kunne feire avansement til fjerde runde i cupen.

- Surt å tape slik

Underteikna meiner Hødd var best i dette oppgjeret, sett under eitt. Den oppfatninga hadde også trenar Sander Håskjold Nyland etter den avgjerande straffekonken.

- Eg føler vi var best i dag, og hadde vi hatt marginane meir med oss hadde vi vunne i ordinær tid. Det er veldig surt å tape slik som dette. No er eg berre tom. Det trur eg også dei fleste av spelarane og støtteapparatet også er. Men, vi skal kome sterkt tilbake, vi, seier Håskjold Nyland til Vikebladet Vestposten.

Kampfakta

Junior-NM i fotball, 3. runde

Hødd – Molde 1-1 (1-1) 5-6 (e.str)

Høddvoll

Dommar: Torgeir Halsen, Åram/Vankam

Tilskodarar: 150

Gule kort: Sivert Pieroth, Elias Flø, Johannes Sundgot, Alexander Rekdal, William Fjørtoft (Hødd), Leo Østigård, Hermann Svendsen (Molde)

Mål: 1-0 Peter Saunes Hasund (19), 1-1 Eman Markovic (33)

Hødd: Sivert Olai Pieroth – William Fjørtoft, Aleksander Kostopoulos Rekdal, Elias Martin Flø, Johannes Sundgot – Sveinung Tilseth Sæterås (Myklebust, 100), Wachirawut Phudithip (Bam Hide), Peter Saunes Hasund – Isak Skare Haanes, Håkon Botn Brautaset, Gustav Brandal Dimmen (Djupvik, 76)

Innbyte: Joakim Goksøyr Ulstein, Sander Djupvik, Bastian Rasmussen Myklebust, Petter Haddal Worren, Iver Saunes Roald

Det var mange tøffe duellar ute på Høddvoll-kunstgraset. Diverre vart delar av kampen prega av slett dømming, og mange direkte farlege situasjonar som følgje av det. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.