Rollon gjekk på eit tungt heimetap då Hareid reiste over Sulafjorden for å kjempe om tre nye poeng. Hareid viste seg også å vere dødeleg effektive og scora på nesten alt dei hadde av sjansar.

Ruben Kenneth Brandal sette inn 0-1 på straffe etter 20 minutt, medan Nicolay Sundgot laga mål nummer to for Hareid heilt mot slutten av kampen, slik oppgjeret enda på stillinga 0-2 og ein fin siger for Hareid. Rollon hadde mesteparten av spelet og sjansane – men Hareid scora altså måla.

Godt nøgd trenar

Kenneth Moldskred fortel at han er godt nøgd med tre gode poeng, og ein kjekk bya-tur.

- Vi er dyktige og litt heldige i delar av spelet, men først og fremst jobbar vi hardt, er oppofrande og lojale mot kampplanen. Så er vi også relativt dyktige defensivt. Offensivt er vi ikkje dyktige nok i forhold til å kontrollere banespelet. Offensivt i dette oppgjeret går det mest ut på at vi er effektive og scorar på sjansane vi får. Defensivt skal spesielt dei yngste blant våre defensive spelarar ha honnør for utviklinga dei har vist, og korleis dei viste det i dette oppgjeret, seier Moldskred.

Han vedgår at Hareid hadde litt tur i denne kampen.

- Det blir alltid ein diskusjon om kvar dyktigheit møter flaks. Vi var dyktige i forhold til det å stå i mot eit visst trykk frå Rollon. Men vi scora også som sagt på sjansane våre. Å vinne ein slik kamp 2-0, på å vere heldig, er sjeldan vi gjer, seier Moldskred og legg til:

- No skal vi halde fram med å utvikle laget både defensivt og offensivt.

Heidrar supporterane

Hareid-trenaren ønskjer også å heidre Hareid-supporterane som tok turen på bortebane.

- All honnør til dei som tok turen og heia på oss. Det er alltid kjekt, og det fortener gutane. Og ikkje minst vil eg gi ein honnør til karane sjølve for arbeidsinnsatsen i denne kampen, seier Kenneth Moldskred til slutt.

Kampfakta

4. divisjon

Rollon – Hareid  0-2 (0-1)

Bane: Rollon kunstgress

Dommar: Martin Javier Solheim, Spjelkavik IL-Fotball

Mål: 0-1 Ruben Kenneth Brandal (str. 20), 0-2 Nicolay Sundgot (83)

Hareid: Rikard Johannes Osnes – Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Gustav Bjørlykke Kløvning - Torgeir Skeide (K), Nikolay Sundgot, Ruben Kenneth Brandal – Håvard Øvrelid, Runar Stranden, Martinus Røyset Bakken

Innbyte: Sigve Overå Hide, August Brandal, Eiliv Tore Howlid, Zakarie Ushey, Fredrik Andresen, Henrik Holstad, Amanuel Hagos