Første omgang

Hødd opna greit heime mot Byåsen. Heimelaget hadde det meste av initiativet, og det var bra tempo i kampen.

Men så, etter 7 minutt, skjedde det som ikkje skal skje. Etter ei rekkje rare avgjersler i Hødd-forsvaret, og sist etter ei mislukka dribling av Henrik Breimyr, fekk Martin Grong Risan ta med seg ballen og avslutte. Skotet gjekk i mål bak Ole-Monrad Alme til 0-1.

Eit flott Hødd-angrep etter 11 minutt kunne gitt Hødd ei utlikning, men avslutninga til Magnus Myklebust gjekk langt over mål.

Så skulle det bli verre for Hødd. Etter 14 minutt gjekk Byåsen opp i 2-0 etter ei scoring frå Marius Nossum, der han fekk avslutte på eit innlegg, like framfor ein Hødd-forsvarar. Hødd-forsvaret hang rett og slett ikkje med på notane, og blei utspelt i eige forsvar.

Bendik Torset måtte gi seg etter berre 20 minutt, og Preben Sætre blei bytta inn for han. Uklart kvifor Torset måtte gi seg, men det kunne sjå ut til at han sleit litt med ein skade.

Hødd fekk til lite første 33-34 minutta, nærmaste var eit skot frå distanse signert Torbjørn Kallevåg. Men også dette gjekk utanfor mål.

Fram mot pause var det lite å nemne av store Hødd-sjansar, og det stod 0-2 etter første 45.

Andre omgang

Hødd gjorde eitt bytte i pausen, då Andreas Breimyr kom inn for Badr Rahhaoui. Første fem minutta etter sidebytet var utan sjansar for begge lag.

Bendik Rise kom fram til eit par halvsjansar etter rundt 56 minutt, men begge skota gjekk utanfor mål.

Då Sondre Beite blei bytta på for Hødd, vakna Hødd. Beite slo etter 72 minutt eit flott innlegg som Eirik Haugan fekk pannebrasken på. Diverre stanga Haugan ballen over mål.

Med under ti minutt igjen på kampuret hadde ikkje Hødd produsert ein einaste farleg sjanse.

Men så skulle Sondre Beite trykke til! Etter 84 minutt fekk Beite ballen skrått frå mål, og banka til. 1-2 og redusering på Høddvoll.

Etter 86 minutt hadde Didrik Sereba sjansen til å utlikne for Hødd frå inne i feltet, men skaut rett på keeper.

Hødd prøvde og prøvde mot slutten, men det lukkast ikkje heimelaget i å hente opp att leiinga til Byåsen.

Derimot fekk Byåsen seg nok eit mål på slutten, då innbytar Sindre Sakshaug kunne skyte ballen i mål etter eit hjørnespark. Hødd-keeper Ole-Monrad Alme var oppe på ein corner, og rakk ikkje tilbake.

Slik stilte Hødd mot Byåsen:

Hødd (4-3-3): Ole-Monrad Alme - Bendik Torset, Steffen Moltu, Eirik Haugan, Vegard Heltne - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise - Didrik Sereba, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui

Innbyte: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Martin Mork Breivik, Sondre Beite

Før kampen

I dei to oppgjera mellom Hødd og Byåsen i Fair Play-ligaen avdeling 2 i 2010, enda det med siger for Hødd i begge kampane. I juni dette året spelte Hødd borte mot Byåsen på Byåsen Arena, og vann 3-2. Heime på Høddvoll blei dei blåkvite igjen for sterke for trønderane, men i denne kampen blei det rein knusing. Hødd gav seg ikkje før det stod 5-0. Kan Hødd få til slike kalassiffer mot årets Byåsen lag?