Kampen mellom Hødd og Byåsen på Høddvoll enda i eit smertefullt tap for dei blåkvite. Hødd hang ikkje med i det heile dei første tjue minutta av kampen, og konsekvensen av det var to tidlege mål for botnlaget frå Trondheim. For etter berre sju minutt førte eit stygt brot i spelet, der Henrik Breimyr rota bort ballen, til at ballen hamna hos Martin Risan. Han gjorde ingen feil, og sette ballen bak Ole-Monrad Alme til 0-1.

Berre sju minutt etter dette igjen fekk Andreas Hanssen gå heilt uhindra mellom back og midtstoppar i forsvarsrekkja til Hødd, og legge inn til Marius Nossum. Han var sikker som banken og banka inn 0-2.

Mange spørsmålsteikn

- Eg sit igjen med frykteleg mange spørsmålsteikn. Vi framstår ikkje som oss sjølve. Vi hadde ei god treningsveke, førebudde oss godt, og visste godt kva Byåsen står for, seier trenar Sindre Eid og legg til:

- Det er klart, når ein får 2-0 i trynet så tidleg, så pregar det resten av kampen. Når det er sagt, så er det også grunnar til at dei to måla kjem. Eg kan ikkje seie anna enn at vi viste at vi ikkje eigentleg var godt nok førebudde til denne kampen.

Eid vedgår at det Hødd leverte før sidebytet ikkje var 2. divisjon verdig.

- Det er den mest skuffande kampen min som Hødd-trenar. No gløymer eg nok sikkert nokre kampar der vi har opplevd noko av det same, men akkurat no kjennest det slik ut, seier Eid.

Taktiske grep gav ikkje nok igjen

Allereie etter 21 minutt måtte Bendik Torset ut, truleg grunna ein skade, og inn kom Preben Sætre. Sætre gjorde tinga sine bra, og blei fortent kåra til kampens beste spelar for Hødd. Men at èin spelar presterte til godkjent var berre ikkje godt nok i denne kampen.

Eid gjorde gode taktiske grep då han bytta ut Magnus Myklebust med Sondre Beite etter 65 minutt, og dytta Steffen Moltu lenger opp i bana for å nikke vidare lange pasningar, etter at Andreas Breimyr hadde kome inn for Badr Rahhaoui i pausen. Bytta såg ut til å virke med ein gong, men dei førte ikkje til at Hødd kom spesielt mykje nærmare mål. Ikkje før heilt mot slutten.

For då gjorde Sondre Beite mykje sjølv. Etter 84 minutt fekk Beite ballen skrått frå mål, og banka til. 1-2 og redusering på Høddvoll. Hødd fekk med dette tilbake håpet om å klare å kome tilbake, og sendte blant anna keeper Ole-Monrad Alme opp i angrep på to hjørnespark for å forsøke å ta Byåsen på overtal. Men det er alltid ein stor risiko å sende keeper opp i slike tilfelle, og det skulle føre til at gjestane kunne putte på nok eit mål, tre minutt på overtid. Sindre Sakshaug skaut ballen i nota til 1-3, og keeper Ole-Monrad Alme kunne berre oppgitt sjå kula trille i mål.

Ikkje tap grunna ny forsvarskonstellasjon

- Vi var langt betre i andre omgang, men totalt sett framstår vi ikkje som eit lag i dag. Det blir for mange svingingar, og periodane i kampen blir så ulike. Stabiliteten i spelet vårt var ikkje bra, seier Sindre Eid.

Hødd starta kampen med to debutantar frå start i Hødd-drakta, keeper Ole-Monrad Alme og midtstoppar Eirik Haugan.

- Vi kjenner kvarandre godt, og det skal ikkje ha noko å seie at somme i forsvarsrekkja var nye i dag. Det som feilar i dag er samhandlinga i laget generelt, og at vi ikkje er skrudde i delar av første omgang, seier Eid til slutt.

Skuffa keeper

Brandølingen Ole-Monrad Alme spelte sin første Hødd-kamp frå start denne sesongen, då førstekeeper Jan-Lennart Urke har fått tre kampars karantene etter å ha blitt utvist mot Vindbjart i førre serierunde. Ole-Monrad fekk saman med laget elles ein veldig kjip start.

- Dette var surt. Vi starta dårleg i første omgang, men kom meir inn i det i andre. Det var slurvete i starten, vi var ikkje på. Det var også veldig surt at vi sleppte inn det siste målet, men vi visste risikoen ved å gå alle mann i angrep, seier Alme og legg til:

- Vi må berre stå på og jobbe framover til neste kamp. I dag var det ikkje godt nok.

Kampfakta

PostNord-Ligaen 2

Hødd – Byåsen 1-3 (0-2)

Høddvoll

Tilskodarar: 1192

Dommar: Adrian Bjørkhaug Gjendemsjø, Tertnes Fotball Herrer

Gule kort: Henrik Breimyr (Hødd)

Mål: 0-1 Martin Risan (7), 0-2 Marius Nossum (14), 1-2 Sondre Beite (84), 1-3 Sindre Sakshaug (90+3)

Hødd (4-3-3): Ole-Monrad Alme - Bendik Torset (Sætre, 21), Steffen Moltu, Eirik Haugan, Vegard Heltne - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Rise - Didrik Sereba, Magnus Myklebust (Beite, 65), Badr Rahhaoui (A. Breimyr, 45) Innbyte: Sivert Pieroth, Jesper Törnqvist, Preben Sætre, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Martin Mork Breivik, Sondre Beite