- Utan tvil. Det er aldri kjekt å ikkje få spele, men i dag skulle eg verkeleg likt å vore utpå der, sa Jan-Lennart Urke til Vikebladet Vestposten etter Byåsen-kampen.

Han ville like fullt gje keeperkollega Ole-Monrad Alme skryt for kampen hans, og meinte han gjorde det bra, sjølv om det blei tre mål i mot.

Ueinig i vurderinga

Førstekeeperen måtte fint finne seg i å sitje på tribuna og sjå kampen mot Byåsen saman med kjærasten. Urke har fått tre kampars karantene, etter at han ifølgje dommaren i kampen mot Vindbjart førre helg skulle ha slått ein spelar i ein duell inne i feltet. Dommar Jon Romuld Håversen meinte at Urke var for intens i situasjonen, og viste han difor ut.

- Eg er framleis heilt ueinig i vurderinga hans, då det aldri var min intensjon å "slå" spelaren. Eg meiner dette ikkje var raudt kort, og i alle fall ikkje grunn nok til å stengje meg ute i tre kampar. Men, eg må akseptere straffa mi, og no skal eg gjere det eg kan på trening for å støtte laget, også dei to neste kampane eg ikkje får spele, seier Urke.