Å spele borte mot serieleiarane er som regel aldri lett. Slik var det heller ikkje då Hareid 2 møtte Åmdal på Legene stadion måndag kveld.

Det meldast om ein jamspelt batalje. Både i banespelet og i sjansestatistikken var laga ifølgje referenten like gode. Men Åmdal var best i det som betyr mest i fotball; å score på sjansane sine.

Første målet til Åmdal kom seint i første omgang, medan det andre kom tidleg i andre. Hareid hadde både middels store og svært store sjansar både på stillinga 0-0, 1-0 og 2-0.

Har gått betre enn venta

Men det ville seg rett og slett ikkje for Hareid 2 måndag kveld, då avslutningane ikkje alltid var av beste sort. Samtidig hadde Åmdal-keeperen ein god dag på jobben. Dermed vart det eit 2-0-tap i kampen mot eit rutinert og godt Åmdal-lag, ein kamp som blei godt dømt av Magne J. Krumsvik frå IL Hødd Fotball.

Dette var Hareid 2 sin siste kamp før sommarferien. Ut frå den dårlege oppkøyringa laget hadde må ein seie at det har gått betre enn venta i vår; med fem sigrar, tre uavgjorte og berre to tap.

Treng å få med fleire

For eit andrelag på dette nivået er haustsesongane alltid tøffe. Det forsvinn som regel fleire spelarar vekk til skulegang, det militære, sjøen eller liknande.

- Skulle nokon lese dette som meiner dei kan bidra for Hareid 2 i haust, er det berre å ta kontakt med lagleiinga, skriv Hareid IL - Fotball.

Kampfakta

Åmdal - Hareid 2-0 (2-0)

Legene Stadion

Dommar: Magne J. Krumsvik, IL Hødd Fotball

Gult kort: Thor-Ove Brekke.

Hareid (4-4-1-1): Daniel Reite – Emil Vartdal Hareide, Antoni Gardshol, Benjamin Slettebakk, Einar Orten Trovåg – Fredrik Andresen, Thanusan Tharumalingam, Anders Egge Brandal, Kevin Øvrelid – Ben Buntu – Thor-Ove Brekke (K)

Innbyte: Nathaniel Eiksund Brekke, Ulrich Kurseth, Arthur Hareide, Lars Bastian Reite.

*** Gardshol

** Slettebakk

* Brandal