I ettermiddag, dagen etter søknadsfristen på stillinga som dagleg leiar i Hødd gjekk ut, kan tidlegare AaFK-trenar Ivar Morten Normark, no rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset, bekrefte at talet på søkjarar til stillinga er tosifra og at både menn og kvinner har vist interesse.

- Eg har sterk tru på at den nye daglege leiaren til Hødd ligg i denne søkjarbunken. Denne prosessen er jo ein slags kompabilitetstest, der vi prøvar å finne ein god "match" og ein dagleg leiar som kan fungere godt saman med dei andre kompetente personane som allereie arbeidar i Hødd. Eg meinar at det blant søkjarane er fleire kandidatar som framstår som kompetente og interessante, fortel ein positiv Normark.

Han gler seg til prosessen vidare og søket etter ein ny dagleg leiar i Hødd:

- Det skal bli spennande å gå i dialog med dei ulike søkjarane, høyre korleis dei ser på stillinga og på klubben. Men ikkje minst finne ut korleis dei kan fungere i forhold til arbeidsoppgåvene som utgjer stillinga. Eg er sikker på at vi blant søkjarane finn ein dagleg leiar som vil bidra til å ta Hødd til nye, store høgder, både for born, unge og A-laga for dame og herre, seier Normark opprømt.

At den nye daglege leiaren skal vere på plass allereie den 15. juli meinar Normark er for optimistisk.

- Vi er på jakt etter ein dagleg leiar som har ynskje om å bli verande i klubben ei god stund framover. Difor tek vi oss heller god tid innleiingsvis i tilsetjingsprosessen, seier han.

- Tidspunkt er avhengig av fleire partar, så nøyaktig tidspunkt er sjølvsagt vanskeleg å seie, men vi jobbar på, legg styreleiar Håvard Haanes til.

Innan juli satsar dei på å ha ein avtale på plass.

Ivar Morten Normark er overtydd om at dei vil finne ein person som kan bidra til å ta Hødd til nye, store høgder. Foto: Ivar Thoresen / Norsk Fotballtrenerforening