Hødd: Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu - Henrik Breimyr, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Didrik Sereba, Preben Sætre - Sondre Beite, Amani Mbedule.

Benk: Sivert Pieroth, Badr Rahhaoui, Bendik Torset, Vegard Heltne, Håkon Botn Brautaset, Aleksander Rekdal, Isak Skotheim.

Egersunds IK: Igor Spiridonov - Stian Sleveland, Sondre Norheim, Dennis Nielsen, Mads Madsen - Henning Romslo, Sverre Larsen, Kenneth Grande, Mathias Pettamo, Marcell Wawzynkiewicz - Bubacarr Sumareh.

Benk: Per Oskar Larsson, Kristoffer Rasmussen, Jonas Skulstad, Elion Shatri, Chris Sleveland.

Første omgang:

Det tok ikkje meir enn halvanna minutt før bortelaget fekk sin første sjanse på Høddvoll. Eirik Haugan fekk ikkje klarert eit oppspel, og Ole Monrad Alme måtte i aksjon for å slå avslutninga til corner.

Dei første ti minutta var likevel temmeleg jamne på Høddvoll, men Hødd kom ikkje til dei store målsjansane. Fint spel mellom Eirik Franke Saunes og Amani Mbedule heldt på å verte ei moglegheit for Beite, men pasninga frå Mbedule var for nære keeper, som snappa ballen før Beite nådde fram.

Heimelaget hadde eit visst spelemessig overtak i første halvdelen av den første omgangen, men utan å skape særleg med skikkelege moglegheiter. Då var det farlegare på andre sida, og spesielt når Bubacarr Sumareh fekk ballen. Etter 24 minutt lurte han seg frå frå Moltu før han sende av garde eit skot mot krysset, men der var Ole Monrad Alme på plass og slo ballen til corner.

Men så var det Hødd sin tur. Bendik Rise kasta langt og det blei duell etter duell i feltet. I ein av dei dukka Eirik Haugan opp og heada inn 1-0 til heimelaget på deira første skikkelege moglegheit i kampen.

Hødd skapte ikkje mykje i den første omgangen, og sjølv om det stort sett var jamt i banespelet, så var det bortelaget som hadde dei fleste målsjansane. Hødd var dermed noko heldige som kunne gå til pause utan baklengs, etter ein omgang der spesielt Bubacarr Sumareh hadde sett Hødd på ein del prøver.

Men Hødd var også effektive. Etter ein corner til EIK fekk Amani Mbedule ballen i returromet. Han banka den inn på bortelaget sin halvdel, der Sondre Beite sette på sprang. Han tok med seg ballen inn i feltet og slo på tvers, der Mbedule kom i full spurt og knalla ballen i mål til 2-0. Ei perfekt kontring av Hødd og flott gjort av både Beite og Mbedule.

Andre omgang

Som i den første omgangen var det Egersunds IK som kom fekk den beste starten. Hødd kunne takke Ole Monrad Alme og iherdig forsvarsinnsats for at det ikkje blei eit tidleg baklengsmål, men bortelaget viste tydleg at dei ikkje hadde gitt opp.

Hødd sin første sjanse i den andre omgangen kom etter 62 minutt då Sondre Beite var spelt fri på 16-meteren. Han prøvde ei tidleg avslutning, men den gjekk for nære keeper og han hadde bra kontroll.

Didrik Sereba kom nære på eit frispark frå om lag 19 meters hald etter 72 minutt. Skotet gjekk likevel litt over tverrliggjaren, og EIK sin keeper såg ut til å ha brukbar kontroll.

Full kontroll hadde ikkje Hødd få minutt seinare, men Ole Monrad Alme leverte ei flott redning og gjorde ein svært viktig innsats for å halde Hødd i leiinga.

Hødd fekk meir rom til kontringar når EIK måtte fram, og Sondre Beite vart spelt fint fram på høgresida etter 76 minutt. Han slo inn i feltet der innbytar Badr Rahhoui kom stormande og sette hovudet til ballen, men med litt for lite kraft, som gjorde at keeper fekk hindra 3-0.

Det vart nokre nervøse sluttminutt for Hødd, og Egersunds pressa på framover for å få redusering, men dei blåkvite heldt unna til klokka bikka 90 minutt.

Bortelaget fekk endå eit par sjansar på overtid,  spesielt etter at Hødd rota med avklaringane i eige felt, men også denne gongen enda det utan scoring.

Dermed kunne Hødd gå av banen med 2-0 og ein viktig siger etter eitt poeng på dei siste tre.

Før kampen

Hødd har gått tre kampar på rad utan siger og bør no få med seg tre poeng når Egersunds IK tek turen til Høddvoll laurdag. Hødd avsluttar vårsesongen med to heimekampar, før spelarane skal ut i ei kort fotballpause i slutten av juli.

Hødd sine fem siste:

Notodden - Hødd 3-0

Hødd - Vidar 3-0

Vindbjart - Hødd 2-2

Hødd - Byåsen 1-3

Hønefoss - Hødd 1-0

Egersunds IK sine fem siste:

Egersunds - Vard Haugesund 0-1

Fram - Egersunds 2-2

Egersunds - Bryne 1-2

Odd2 - Egersunds 1-1

Egersunds - Fana 4-0

Vi følgjer kampen frå Høddvoll her på Vikebladet.no. Følg kvart spark på ballen gjennom Live-oppdateringane i toppen av saka. Kampstart på Høddvoll er 16.00.