Han er storfavoritt på 400 meter hekk, etter fantastiske prestasjonar mellom anna under Bislett Games, men Karsten Warholm må tole eit solid favorittstempel også på 400 meter utan hekkar.

Onsdag bestemte stortalentet seg for å gje jernet på begge øvingane, og Warholm kan dermed få seks løp på dei fire dagane U23-EM går over.

Allereie torsdag skal han i aksjon i forsøket på 400 meter. Første løp på langhekken blir forsøk fredag, og same dagen blir det eventuelt semifinale på 400 meter.

Både semifinale på langhekken og finale på 400 meter går laurdag, før Warholm kan avslutte meisterskapen med finale på 400 meter hekk sundag ettermiddag.

Det vil seie at den tidlegare mangekjemparen får eit svært hektisk program dei komande dagane, men med norske rekordar både på 400 meter og 400 meter hekk i år er han uansett ein klar favoritt. Warholm er også den raskaste europearen på begge distansane så langt i år.

Men kvifor enda han opp med å springe begge øvingane?

- Eg hadde lyst til å prøve, det var det einaste, skriv Warholm i ein SMS til Vikebladet Vestposten. Les eit lenger intervju med Karsten Warholm i Vikebladet Vestposten eller på Vikebladet.no torsdag.