Det er umogleg å konkludere på nokon annan måte når ein veit kva Warholm allereie har levert denne sesongen.

Siger på 400 meter hekk både under Bislett Games og under Diamond League-stemne i Stockholm. Norske rekordar på 400 meter, både med og utan hekkar. Europas raskaste mann på begge øvingane så langt i år, og fjerde raskaste mann i verda på 400 meter hekk. Som 21-åring. (Yasmani Copello frå Tyrkia har nyleg sett ny bestenotering i Europa - hundredelen raskare enn Warholm)

– Det er jo greitt å ha med seg, seier ein blid Warholm i dagane før U23-EM tek til.

Seks løp på fire dagar

I Polen stiller også Warholm både på 400 meter og på 400 meter hekk, sjølv om det er distansen med hekkar som er hovudøvinga hans. Det vil seie at det kan bli seks løp på fire dagar for friidrettskometen. Avgjersla om å springe begge deler tok han så seint som onsdag.

– Det blir ganske tøft!, slår Warholm fast.

Så langt i år, som mellom Diamond League-stemna på Bislett og i Stockholm, har han hatt nokre dagar å kome seg på mellom kvart løp. Slik blir det ikkje i EM, der han kan få to løp i løpet av få timar både fredag og laurdag.

– Det er sånt som ein ikkje får trent spesifikt på, anna enn gjennom å gjere det nokre gongar. I den forstand er eg framleis litt fersk, men for alt eg veit kan den erfaringa eg allereie har bygd med opp vere nok.

U23-EM blir eit nytt høve til å få meir meisterskapstrening, før det som truleg er sesongens hovudmål med VM i London.

– I VM må ein gå hardt ut frå første runde, elles kan ein risikere å miste plassen sin. Det handlar om å ha dagen og om å klare å stå tre løp. Og det kan vere hardt nok i seg sjølv.

Solid utfordring

Dermed har Warholm gitt seg sjølv ei ekstra utfordring når han no går for seks løp på dei fire konkurransedagane i Bydgoszcz.

Er det då noko hjelp i bakgrunnen din frå mangekamp og den erfaringa du har derfrå med å restituere deg kjapt mellom øvingane?

– Slike ting har i det minste gjort at eg har hatt eit godt grunnlag tidlegare, og eg trur det berre har blitt betre. Det er ofte den grunntreninga og uthaldet som ein ser igjen i løpet av eit meisterskap, så den bakgrunnen er nok inga ulempe, trur 21-åringen.

Med det som truleg blir seks totalt seks løp under U23-EM handlar mykje om å spare mest mogleg krefter. Dersom det er mogleg.

– Ein kan kanskje prøve å vere litt taktisk, men på hekken så må du treffe uansett, elles går sekunda veldig fort. Ein må prøve å gå i vanleg rytme, men det blir kanskje litt meir autopilot i første runde, og så får vi sjå det litt an inn mot andre runde. Eg håpar uansett på at slepp å grisespringe på alle tre.

Det blir dermed ikkje tre norske rekordar på tre forsøk?

– Nei, det er berre å gløyme, ler Warholm.

På papiret er han såpass sterk samanlikna med konkurrentane under U23-EM at han neppe må ta ut absolutt alt i forsøk, og kanskje heller ikkje i semifinale, men i ei eventuell finale vil det nok uansett gå svært raskt. Og når Warholm skal til VM i London, så blir det ikkje snakk om anna enn full gass.

– Der må eg berre gå til.

Byggjer rutine

Men før han kjem så langt så blir det ei polsk kraftprøve under U23-EM. Og det med eit solid favorittstempel.

– Det er nok inga hemmelegheit. Samstundes er nivået såpass høgt at ein liten feil kan koste dyrt. Eg må berre gjere som alltid, og dersom eg spring opp mot mitt beste så er det gode sjansar for at det går bra, men ein har ingen garantiar. Det kan alltid skje noko uventa.

U23-EM er også berre Warholm sitt tredje meisterskap etter at han starta satsinga på langhekken. Dermed har han framleis ein del å lære.

– Ein ting handlar om å ikkje seie seg nøgd før det er slutt. I tillegg så handlar det om å kjenne litt på det å springe så mange løp på få dagar, og på å bygge ei rutine. Ein skal vere litt lenger i sona, og har fire dagar der ein må vere på i staden for berre ein, og det blir ei utfordring. Dette er framleis ein læringsprosess og eg prøvar å ta til meg så mykje så mogleg, seier Warholm.

Og dei komande dagane får han høve til å hente både meisterskapserfaring og kanskje også nokre meisterskapsmedaljar. Warholm sitt første løp i Bydgoszcz er forsøk på 400 meter torsdag. Fredag er det semifinale på 400 meter og forsøk på 400 meter hekk, før finalen på 400 meter og semifinalen på langhekken går laurdag. Og dersom alt går etter planen kan Warholm ta hovudrolla i finalen på 400 meter hekk sundag ettermiddag.

Går for full pott: Karsten Warholm og trenar Alnes har bestemt seg for å prøve seg på 400 meter, både med og utan hekkar. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes