Karsten Warholm frå Dimna IL har hatt ein perfekt start på U23-EM i Bydgoszcz. Han hadde full kontroll under sitt forsøksheat på 400 meter torsdag. Kontroll hadde han også i forsøket på 400 meter hekk fredag. Også der tok han kommandoen frå start. Dermed kunne han ta det temmeleg roleg i innspurten og likevel vinne sitt heat.

Les også: Full kontroll i forsøket på 400 meter

Det passa nok svært godt før fredagens andre løp, semifinale på 400 meter. Der er det dei tre beste i kvart heat som går til finale. I tillegg går to utøvarar vidare på tid.

Warholm har blitt plassert i det første av dei to heata, der det på papiret er briten Cameron Chalmers som utgjer den største trusselen. Han har frå før ei personleg bestenotering på 45,64, men dette er nesten sekundet bak Warholm sin personlege rekord.

Luka Janezic frå Slovenia var raskast i forsøket og er plassert i heat to. Slovenaren er truleg Karsten Warholm sin tøffaste konkurrent på 400 meter, med ein såpass god personleg rekord som 45,07.

Les også: Jogga inn til finaleplass

Les også:  Storfavoritt i Bydgoszcz  (For abonnentar)

Det blei berre nokre timar kvile mellom forsøket på 400 meter hekk og semifinalen på 400 meter. Dermed ikkje så mykje tid til restitusjon, men det såg ikkje ut til å plage Warholm i særleg grad.

I Warholm sitt semifinaleheat vart det nervøst, og feltet vart kalla tilbake etter ein tjuvstart. Det enda med at Robert Parge frå Romania fekk ein advarsel.

Så kom feltet seg avgarde på skikkeleg vis, og Karsten gjekk tidleg opp i leiinga. Han storma opp første langsida og hadde bra avstand ned til Chalmers ut av siste sving. Corsa frå Italia kom fort på slutten, men Warholm gav litt ekstra dei siste 50 metrane og kom først i mål på 46,06. Dermed blir det finale på 400 meter laurdag kveld for Dimna-utøvaren. Frå hans heat gjekk også Daniele Corsa frå Italia og Cameron Chalmers frå Storbritannia direkte vidare til finalen.

Raskt i heat to

I det andre semifinaleheatet gjekk det ein heil del raskare enn i Warholm sitt. Som venta var det Luka Janzic som vann, med den sterke tida 45,73. Bak han kom danske Benjamin Lobo Vedeld på 45,85 og polske Kajetan Duszynski på 45,98. Alle desse var raskare enn Warholm. Det er altså klart at Warholm får ei solid utfordring i finalen på 400 meter laurdag. Då har han også ei semifinale på 400 meter hekk i beina.

Til friidrettsforbundet sine nettsider seier Warholm at han måtte bruke litt meir krefter enn tidlegare, men at han synest han hadde god kontroll.

Finalen på 400 meter går laurdag klokka 18.35.