Jonas André Ose sette torsdag ny personleg rekord på 100 meter under eit treningsstemne på Høddvoll. Ifølgje Dimna.no sprang Ose inn på flotte 11,15. Denne gongen hadde han akkurat 2.0 m/s medvind, og tida kunne dermed godkjennast som personleg rekord.

Jonas André Ose har levert 11,15 også tidlegare, men under Tyrvingleikane på Nadderud var vinden for sterk til at det kunne godkjennast som rekord.

11,15 er berre 19/100 bak den norske aldersrekorden for 15-åringar. Den er det Pål Haugen Lillefosse frå Gneist IL som har med 10,96.

Ose var også i aksjon på 300 meter, der han sprang på 37,05. Det er rett i overkant av halvsekundet bak Karsten Warholm si norske bestenotering for 15-åringar, men her har Ose vore raskare i år. Under Världsungdomsspelen i Gøteborg sprang han inn til 36,63.

Også Marte Mjøen Berg viste seg fram på Høddvoll torsdag. Etter fleire lengre skadeavbrekk testa ho torsdag 300 meter hekk, og etter rapportane frå Dimna IL gjekk det heilt etter planen.