Hødd: Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist - Henrik Breimyr, Eirik Franke Saunes, Bendik Rise, Didrik Sereba, Preben Sætre - Amani Mbedule, Sondre Beite.

Benk: Jan-Lennart Urke, Magnus Myklebust, Bendik Torset, Andreas Breimyr, Vegard Heltne, Håkon Botn Brautaset, Sveinung Tilseth Sæterås.

Vard Haugesund: Thomas Kinn - Erlend Drivenes, Morgan Karlsen, Erik Sydnes - Arent-Emil Klaussen Hauge, Vegard Sætre, Martin Nordtveit, Sixten Dalen Jensen, Thore Baardsen Pedersen - Jonas Tungeland, Andreas Meling.

Benk: Michael Lie, Eskild Haugland Båsen, Johannes Nygaard Nilsen, Sebastian Rasmussen, Preben Fauskanger, Sander Deilkås.

Første omgang:

Med same startoppstilling som i 2-0 sigeren over Egersunds IK sist helg håpa Hødd på å sikre seg tre nye poeng heime mot Vard Haugesund.

Kampen var den siste før 2.-divisjon tek pause fram til 5. august, og heimelaget ønskte eit godt resultat før fotballferien. Hødd tok også tak i kampen frå start, og det meste gjekk føre seg inne på Vard sin halvdel dei første minutta.

Hødd var aggressive i sitt press og gav bortelaget lite rom med ballen. Hødd brukte likevel litt tid før dei skapte skikkelege moglegheiter. Det var i staden bortelaget som fekk kampens første etter eit skot frå Tungeland. Alme måtte ut i full strekk, men fekk slått ballen i stolpen og ut.

Heimelaget dominerte banespelet dei første 25 minutta, men sjølv om det blei mange dødballmoglegheiter for Hødd, så skapte dei lite på dei. Didrik Sereba var nærast for Hødd med eit godt skotforsøk, men keeper fekk slått det til corner.

Thore Baardsen Pedersen var uhyre nære ved å sende bortelaget i føringa etter 26 minutt, men headinga etter corner gjekk via krysstolpen og ut. Kort tid seinare hadde Sereba eit godt innleggsforsøk frå venstresida, men Vard-forsvaret fekk rydda unna.

Hødd sin første store sjanse kom etter 33 minutt. Då spelte Preben Sætre fram Sondre Beite, som sette full fart mot Vard sitt mål. Keeper kom ut, Beite spelte ballen forbi, men ballen fekk litt mykje fart. Dermed vart det spiss vinkel å avslutte frå for Beite, og ballen gjekk i nettveggen.

Publikum fekk sjå mykje positivt spel frå Hødd i den første omgangen, men scoringar blei det ikkje. Det blei berre nesten for dei blåkvite, og enda svært ofte med cornerar eller frispark i bra posisjon, men heller ikkje desse klarte Hødd å utnytte.

Mot slutten av omgangen vart det både doble og triple sjansar for Hødd, men utan at ein fekk ballen i mål. Bendik Rise var svært nære på eit frispark, men Kinn var heilt oppe i krysset og slo ballen til corner.

Dermed 0-0 til pause.

2. omgang

Hødd opna også brukbart i den andre omgangen, men det var bortelaget som skulle ta leiinga. Ole Monrad Alme var fint ute og boksa vekk eit innlegg, men på returen sende Arent-Emil Klaussen Hauge ein høg ball framover. Alme såg ut til å ha kontroll på at ballen skulle gå utanfor, men i staden sneik den seg på innsida av stolpen og i mål. Ei merkeleg scoring, men utan at Vard Haugesund brydde seg særleg om det.

Og no rakna det for Hødd defensivt. Jonas Tungeland fekk ballen ute på høgresida og klemte til frå om lag 16 meter. Ballen fauk opp i krysset bak Alme, og dermed tomålsleiing for bortelaget. Svært effektivt frå Vard etter pausen.

Hødd prøvde og prøvde, men fekk det ikkje til å stemme. Bendik Rise forsøkte seg med eit godt frispark frå langt hald, men keeper Kinn var godt med. Rise vart etter kvart erstatta av Bendik Torset, medan Håkon Botn Brautaset kom inn for Amani Mbedule. Brautaset fekk sin debut i Hødd-drakta.

På corneren etterpå heldt det på å lukkast for Hødd. Etter å ha vunne fleire duellar i feltet enda ballen hos Sondre Beite. Hans første skudd vart blokkert, medan det neste gjekk i stolpen.

Med to mål å gå på la Vard Haugesund seg lavt i banen. Hødd dominerte framleis banespelet, men framom mål ville det seg ikkje.

Bendik Torset var nære etter ein corner med berre tre minutt igjen av ordinær tid, men han fekk ikkje nok kraft i headinga.

Cornerar og dødballsituasjonar hadde Hødd enormt mange av i denne kampen, men utteljinga var elendig.

I staden var Didrik Sereba nære med eit mislukka innlegg frå venstresida, men keeper fekk slått den til ny corner.

No var tida i ferd med å renne ut for Hødd, som kasta alt i angrep. Ball etter ball vart pumpa opp mot Vard sin 16-meter, men bortelaget vann dei viktigaste duellane og rydda unna det Hødd hadde å kome med.

Kampen gjekk langt inn på overtida, men Hødd fekk ikkje ballen i mål og det vart ein tung dag på jobb for Sindre Eid sitt mannskap. Kampen enda med tap og Hødd tek dermed ferie med eit svakt resultat.

Før kampen:

Vard Haugesund er siste motstandar for Hødd før spelarane går ut i ein kort fotballpause. Det vart tre poeng heime mot Egersunds IK sist, og Hødd håpar på å ta med seg ein ny siger heime mot Vard Haugesund.

Hødd står med to sigrar, ein uavgjort og to tap på dei fem siste, men kan klatre forbi Vard Haugesund på tabellen med ein ny siger. Det må truleg Hødd gjere for å halde følgje med laga framom seg på tabellen.

Medan Hødd vann sist vart det berre eitt poeng på Vard Haugsund borte mot Fana. Både Tom Marcelius Undheim og Andreas Ulland Andersen fekk sine tredje gule kort for sesongen mot Fana, og må difor stå over mot Hødd. Badr Rahhoui fekk sitt tredje gule mot Egersunds, og Hødd må dermed klare seg utan angriparen.

Fem siste Hødd:

Hødd - Vidar 3-0

Vindbjart - Hødd 2-2

Hødd - Byåsen 1-3

Hønefoss - Hødd 1-0

Hødd - Egersunds IK

Vard Haugesund sine fem siste:

Nardo - Vard 0-1

Vard - Fram 2-3

Bryne - Vard 2-0

Vard - Odd2 3-2

Fana - Vard 1-1

Vi følgjer kampen her på Vikebladet.no. Kampstart på Høddvoll er 16.00.

Sondre Beite med akrobaktisk forsøk mot Vard. Foto: Per Werkland.