Karsten Warholm frå Dimna IL har vunne alle sine tre løp under U23-EM i friidrett. I polske Bydgoszcz har Warholm sett ut til å ha full kontroll både på forsøk og semifinale på 400 meter, og på forsøket på 400 meter hekk.

Laurdag fekk Warholm den første verkeleg tøffe testen, med både semifinale på langhekken og finale på 400 meter i løpet av få timar.

Les også:  Full kontroll i forsøket på 400 meter

Først ut var semifinalen på 400 meter hekk, og for 21-åringen ville det her vere optimalt å sleppe å ta seg heilt ut for å sikre ein ny finaleplass. Dei tre beste frå kvart heat, samt dei to beste tidene blant resten, gjekk til finalen sundag.

Les også: Jogga inn til finaleplass

Les også:   Storfavoritt i Bydgoszcz   (For abonnentar)

I Warholm sitt heat var franske Victor Coroller den største utfordraren, men franskmannen har berre 50,06 som personleg rekord, og er dermed eit godt stykke bak Dimna-utøvaren.

Norge hadde også ein representant i den første semifinalen, men Joachim Sandberg klarte ikkje å ta seg til finalen.

Dit skal landsmannen Karsten Warholm. Som i sine andre løp gjekk Warholm tidleg opp i leiinga, men vart tatt igjen av sveitsike Brand. Warholm gav litt gass på slutten, men det vart tett på slutten. Franske Coroller var heilt på sida av Warholm då han passerte streken, men Warholm vart dømt først. Tida 49,29 var truleg noko raskare enn det Warholm ønskte, men han er i det minste klar for sin andre finale.

Så står det att å sjå kor godt Warholm klarar å restituere seg fram mot finalen på 400 meter.

Finalen på 400 meter går 18.35.