Hødd hadde sjansen til å klatre forbi Vard Haugesund og dermed ta ferien på øvre halvdel i si 2.-divisjonsavdeling. Slik skulle det ikkje gå. Vard vann 2-0 på Høddvoll og klatra heilt opp til ein fjerdeplass på tabellen. Hødd blir liggande på ein åttandeplass, med luke både oppover og nedover på tabellen.

Den 14. serierunden blir avslutta med Odd 2 - Bryne måndag kveld, men det har allereie kome fleire overraskingar. Den største stod nok Vindbjart for, med 7-0 over Nardo. Hønefoss klatra over nedrykksstreken med siger over Notodden, medan Nest-Sotra gav Bryne sjansen til å ta over tabelltoppen.

Runde 14:

Vidar - Byåsen 2-0

Hødd - Vard Haugesund 0-2

Vindbjart - Nardo 7-0

* Nardo hadde 11 baklengsmål før denne kampen.

Fana - Fram 1-1

Nest-Sotra - Egersunds 1-1

Notodden - Hønefoss 1-2

Odd 2 - Bryne (Blir spelt måndag kveld)

Det er no sommarpause i 2.-divisjon. Neste serierunde går 5. og 6. august. Før den tid skal Hødd spele ein treningskamp mot AaFK.