Den utflytta Hareidsdølingen Therese Falk er kjend for deltaking i ekstreme løp. Vanlegvis i den typen som varer 24 timar, og der distansen som blir unnagjort gjerne ender på godt over 200 kilometer.

Sist veke var ultraløparen i Spania der ho for første gong tok del i Al Andalus Ultimate Trail (AAUT).

– Arrangørane prøvar å framstille dette som det tøffaste og hardaste ultra-trail løpet i Europa. Det blir lagt midt på sommaren slik at det skal vere så varmt som råd, det går over 7200 høgdemeter og går på vegar og stiar over 230 kilometer fordelt på fem etappar, fortel Falk.

Det høyrest i utgangspunktet ekstremt nok ut, men det kjem meir.

– På eine stien vi sprang på var det tornebusker i to samanhengande kilometer, så leggane mine er heilt øydelagde. Og på den lengste etappen hadde vi også den høgaste temperaturen. Då var det 47 grader, fortel ultraløparen.

Noko heilt anna

Med ein personleg rekord på i overkant av 228 kilometer i løpet av 24 timar er det ingen tvil om at Therese Falk kan springe langt. Løpet i Spania var likevel ei heilt annleis utfordring.

– Eg er jo ikkje nokon teknisk stiløpar. Eg spring ikkje mykje i skogen, men trivst betre på asfalt eller på Bislett. Der nede var det opp og ned, det var steinete og vi tryna, så mange av oss brukte stavar. Det var noko heilt anna enn det eg er van med.

Kvifor valte du å vere med på eit slikt løp?

– Det var ein kompis av meg som var med i fjor. Han meinte eg burde vere med og prøve i år, og eg tenkte vel at det var ein fin ting å bruke ferien på, ler Falk.

Verst første dagen

Med høg varme, dagsetappar opp mot 68 kilometer og mykje opp og ned blir AAUT ei solid påkjenning for kroppen. Det er dermed ikkje sjølvsagt å gjennomføre heile løpet. I år var det berre om lag halvparten av deltakarane som fullførte.

– For meg var det første dagen som definitivt var verst. Det var ikkje den varmaste dagen, men det var då eg var heitast i toppen. Av ein eller annan grunn så blei det betre for meg utover i veka. Beina vart betre og betre, og den lengste etappen synest eg eigentleg var den kjekkaste.

Falk fortel at det var plassert ut drikkestasjonar for kvar tiande kilometer for å sikre at deltakarane hadde tilgang på nok veske.

– Eg sprang konstant med tre liter drikke på meg. Og med isbitar både i ”pappen”, i brystlomma på vesten og på ryggen.

Men når ein skal springe så langt og under så tøffe forhold, så er det ikkje så enkelt å restituere seg frå dag til dag.

– Du kjenner at du har sprunge langt dagen før. Spesielt på framsida av låra, for det er nedoverbakkane som er verst. Det tek skikkeleg godt på muskulaturen. Heldigvis hadde vi tilgang til å kjøpe massasje kvar dag, og det var verdt kvar ei krone! Det var berre å peike på framsida av låret og seie at det var same problem som dagen før, fortel Falk.

Kjempefornøgd

Årets utgåve av Al Andalus Ultimate Trail var niande gongen løpet vart gjennomført. Falk var førstegongsdeltakar, men den erfarne ultraløparen presterte svært godt i den spanske varmen.

– Det gjekk grisebra! Eg er kjempefornøgd med korleis det gjekk, fortel ho.

Og det har ho grunn til. Falk var nemleg beste kvinne på alle fem etappane, og tok dermed også samanlagdsigeren. Inkludert dei mannlege løparane kom Falk på ein tredjeplass.

Freistar det å gjere dette opp att på eit seinare tidspunkt?

– Det freistar veldig! Kvar etappe vart avslutta på ein ny plass, og dit vart bagasjen og telta frakta. Forholda var kummerlege, med tette do, kaldt vatn i dusjen og lite dekning på telefonen. Men likevel så freistar det til gjentaking, for det var så utruleg fine folk. Mange kjem att år etter år, anten for å hjelpe til, eller for å springe. Så eg tenkjer nok det blir ei veke i Granada-distriktet også neste år, seier ho.

Det er likevel 24-timersløp som er hovudsatsinga for Falk. Nyleg deltok ho under VM i Belfast, men utan å få full klaff.

– No ser eg fram mot NM på Bislett i november. Og så får eg sjå om eg prøvar å få til eitt løp til før den tid, men det kan bli litt tett. Kroppen treng ein del tid til restitusjon, slår ho fast.

Under Al Andalus Ultimate Trail brukte Falk til saman 26 timar, 14 minutt og fire sekund. På den lengste etappen brukte ho rett over åtte timar.

Al Andalus Ultimate Trail gjekk over fem dagsetappar på til saman 230 kilometer. Foto: James Goldsmith