Både Ådne Andersen og Nicolas Roppen Masters var i aksjon på Bislett onsdag, der Oslo Sommarstevne vart arrangert.

Nicolas Roppen Masters sprang 100 meter, og hadde åttande beste tid både i forsøket og A-finalen. I forsøket sprang han å 11,25, medan det vart 11,46 i finalen. Litt bak "persen" og litt bak årsbeste for sprinteren.

Ein som skulle sette "pers" var Ådne Andersen. Han sprang 3000 meter på Bislett og der leverte han tredje beste tid totalt. Andersen sprang i mål på 8.33,62, noko som er ei forbetring av hans personlege rekord med om lag eit halvt minutt.