Til helga startar Eliteturneringa Skaw Cup i Danmark, og to lag frå Hødd set fredag kursen mot Skagen.

Hødd stiller med eit G16-lag og eit G19-lag i turneringa. Onsdag kveld trente G19-laget på Høddvoll, i det som vart deira siste økt før avreise. Trenarar for dette laget er Sander Håskjold Nyland og Einar Magne Skeide.

G19-laget er same laget som tidlegare i år var med på NM for G19-lag, og der mange av spelarane også har spelt for Hødd 2 i 4.-divisjon. Til Skaw Cup reiser Hødd med alle frå rekruttstallen som er i G19-alder, i tillegg til at Sivert Pieroth, Bendik Rise og Eirik Franke Saunes også skal vere med. Daniel Eid ville truleg også blitt med dersom han ikkje var skadd.

– Vi møter danske Thisted, men også FK Haugesund, Levanger og Varhaug, medan G16-laget skal møte Vejle, Fredrikstad og Ull/Kisa, fortel Håskjold Nyland.

Bra sportsleg nivå

Trenaren seier at Hødd reiser til denne turneringa for å få referansar på høgt nasjonalt og skandinavisk nivå.

– Samstundes forlengjer vi kampsesongen litt gjennom å konkurrere mot gode jamaldringar. Det sportslege nivået på turneringa er veldig bra, slår trenaren fast.

Håskjold Nyland legg til at det også er ein viktig tur sosialt.

– For mange av spelarane blir dette den siste turneringa og den siste turen som aldersbestemte spelarar. Det blir også spesielt og veldig hyggeleg at 98-spelarane får konkurrere saman i ei siste turnering.

Vil til sluttspel

I fjor gjekk Hødd sitt G19-lag vidare frå gruppespelet, men tapte etter straffekonk i semifinalen mot Bryne. Sander Håskjold Nyland satsar på at Hødd skal prestere også i år.

– Den viktigaste målsetjinga vår er å gje flest mogleg så mykje speletid som råd, slik at dei får god kamptrening inn mot haustsesongen. I tillegg har vi eit mål om å ta oss vidare frå gruppespelet og til ei semifinale i A-sluttspelet. Kjem ein dit så kan alt skje. Dersom ein ikkje kjem til A-sluttspelet så blir det plasseringskampar, og det vil uansett vere god trening, for eg trur det er temmeleg jamne lag som deltek på turneringa. Den sportslege målsetjinga er likevel å ta seg til ei semifinale, seier Håskjold Nyland.

Første kamp for Hødd sitt G16-lag blir mot Vejle BK sundag kveld. Gruppespelet blir avslutta tysdag, medan sluttspelet går onsdag og torsdag. G19-laget opnar laurdag mot Levanger. I denne klassa går siste gruppespelkampen onsdag, med sluttspelkampar onsdag og torsdag.

Johannes Sundgot med ei skikkeleg stupheading under G19-laget til Hødd si siste trening før avreise til Danmark og Skaw Cup.