Timevis med trening. Seks dagar i veka. Terping på dei små detaljane, på å luke vekk dei små feila. Edel Charlotte Eiken Fosse er sisteårs junior, og komande veke skal ho ut i si største utfordring så langt i turnkarrieren.

Sundag 23. juli går startskotet for European Youth Olympic Festival (EYOF) i ungarske Györ. Det største multisport-arrangementet for ungdom i Europa. Totalt skal om lag 3600 utøvarar, trenarar og leiarar delta i det som også blir kalla europeisk ungdoms-OL.

Frå Møre og Romsdal er det berre ein deltakar, 15-åringen Edel Charlotte frå Ulsteinvik. I tillegg er far Vidar Fosse med som ein av to trenarar for dei norske turnjentene. Tre norske jenter skal konkurrere mot dei aller beste juniorgymnastane i Europa.

Mykje trening

For å verte klar til å delta under EYOF har Edel Charlotte den siste tida trent i Asker, saman med dei to andre jentene i den norske turntroppen.

– Vi har fokusert på programma våre, og på finpussing, slik at det skal bli så perfekt som mogleg når vi skal konkurrere. Sist veke trente vi om lag 20 timar på fire dagar, fortel 15-åringen.

For å kvalifisere seg til EYOF må turnarane levere på eit svært høgt nivå. Edel Charlotte har mellom anna blitt juniornoregsmeister i år. Dei to jentene frå Holmen Turnforening, og då spesielt Mari Tideman Kanter, har også vore blant Ulsteinjenta sine argaste konkurrentar.

– Det er kjekt å kunne trene med jenter på same nivå som meg, slik at ein har nokon å måle seg mot.

Høgt nivå

Samstundes er det veldig mykje eigentrening og mykje arbeid som ligg bak prestasjonane til Edel Charlotte, og som no har sendt henne til Györ.

– Dette er det største ein kan vere med på som junior. Det er veldig kult, for dette er det ikkje så mange som får vere med på. Det blir veldig stort!

I tillegg til at det er kanskje det største ein kan vere med på som juniorgymnast, vil det truleg også vere den tøffaste konkurransen Edel Charlotte har delteke i.

– Nivået er veldig høgt. Det er dei beste gymnastane frå heile Europa, seier Eiken Fosse.

Må ha full klaff for finaleplass

I 2016 deltok ho i junior-EM, og der turna Edel Charlotte mot nokre av dei som også skal delta under EYOF. Ho har dermed erfaring med det høge nivået, men for å hevde seg må alt klaffe. Det er nemleg berre dei som presterer best som får vere med til finalen.

– Dersom eg turnar opp mot mitt aller, aller beste så kan det vere mogleg å håpe på ein firekamp-finale, men då må alt vere perfekt! slår Edel Charlotte fast.

Ifølgje Vidar Fosse er det 24 deltakarar som skal til finalen, men det kan berre vere to frå kvar nasjon.

– På ein god dag kan Edel kvalifisere seg til finalen. Både ho og Mari Tideman Kanter frå Holmen har såpass høg vanskegrad, og turnar så bra, at dei kan klare det. Då må dei opp mot 50 poeng. Dei må makse, men moglegheita er der, seier Fosse.

Han fortel at ein den siste tida har jobba mykje med kombinasjonar i frittståande og på bommen, i tillegg til å heve vanskegrada på nokre av dei gymnastiske elementa Edel Charlotte skal gjennomføre. Dermed skal det vere moglegheiter for å sikre opp mot eitt poeng meir enn tidlegare, og det trengst i den tøffe konkurransen.

Uansett utfall blir nok deltaking under EYOF noko Edel Charlotte kan ta med seg vidare.

– Det er noko eg kjem til å huske lenge. Eg gler meg!

Konsentrasjon: I Ungarn skal Edel Charlotte Eiken Fosse konkurrere mot dei beste juniorane i Europa. Dermed må alt vere perfekt dersom ho skal ha sjansen til å gå vidare frå kvalifiseringa. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes