Med 14 av 26 kampar unnagjort må vi til nedre halvdel av tabellen for å finne Hødd. Ein åttandeplass, 14 poeng bak topplaget Bryne, er langt frå ambisjonane om å kjempe i toppen.

– Det byrja OK, men vi har fått mindre poeng enn vi hadde håpa og hadde ambisjonar om. Så ærlege må vi vere. Vi hadde forventa å vere høgare på tabellen til sommarpausen, fortel IL Hødd Fotball sin styreleiar Håvard Haanes.

Kva gjer så Hødd etter ein skuffande vårsesong?

– Det er jo nøkkelspørsmålet, og noko vi har brukt mykje tid på å diskutere. Vi prøvar å tenkje både på kortare og på lengre sikt. Vi har bestemt at Hødd skal vere ein del av norsk toppfotball, men kva betyr det? Vi har sagt at vi skal opp att til Obosligaen, og seinast i løpet av sesongen 2019 så må vi ha rykt opp. Kall det eit treårsprosjekt. Det gir litt rom for å tenkje langsiktig, men vi må også tenkje kortsiktig, for vi ønskjer å ta meir poeng i haust enn det vi gjorde i vår, seier Haanes.

Med utgangspunkt i dagens tabellsituasjon ser styreleiaren det som urealistisk at Hødd kan blande seg inn kampen om opprykket denne sesongen.

– Vi legg ein plan for at vi skal opp att, og aller helst komande sesong.

Haanes vart valt som styreleiar i IL Hødd Fotball på sist årsmøte, men har også tidlegare vore med i fotballstyret.

– Eg var styremedlem då vi rykte ned i 2008, den hausten då Lars Arne Nilsen og Einar Magne Skeide kom inn. Då også hadde vi eit treårsprosjekt der vi skulle rykke opp, og rykte opp andre året. Då hadde vi eit veldig sterkt rekruttlag, og eg føler vi har mykje av det same no. Vi har to-tre veldig sterke generasjonar som kan vere eit fundament for Hødd i mange år framover, saman med spelarar utanfrå. Det er likt situasjonen vi var i for åtte til ti år sidan, meiner Haanes.

Mykje ungt

Allereie har fleire unggutar fått sjansen, med Bendik Rise, Eirik Franke Saunes og Daniel Eid som alle har fått sjansen denne sesongen. I tillegg er Sivert Pieroth også henta opp i A-stallen, medan Håkon Botn Brautaset fekk sin A-lagsdebut i siste kampen før sommarpausen. Samstundes har kanskje Hødd kome dit at det har blitt vel mange unge spelarar på same tid?

– Vi har jo ein kombinasjon av spelarar henta utanfrå, ein del seniorar frå regionen, og ein del eigne unge spelarar. No har også mange av dei vi har henta utanfrå vore veldig unge, på alder med våre eigne unggutar. Kanskje skulle vi hatt ein litt annan miks der? Det er ingenting gale med dei spelarane vi har, men kanskje må vi tore å hente inn nokon som har litt meir erfaring frå høgare nivå, og som kanskje kunne gått inn som ein del av ryggrada i laget. Det kan ein ikkje forvente av ein 18, 19 eller 20 åring.

Haanes fortel at dette også er noko som blir diskutert i klubben, om ein også skulle prøvd å få inn spelarar med noko meir erfaring. 23-åringen Henrik Breimyr er den eldste av spelarane som vart henta inn før sesongen.

Dermed er det hovudsakleg spelarane som var med på nedrykket som står for rutinen i laget.

– Vi har ein del regionale spelarar som har smakt på mykje. Då spørst det korleis det er å skulle ned i 2.-divisjon. Nokre synest eg viser mykje energi, medan andre har vore ein del plaga med skader og slikt, og difor ikkje har fått vist seg frå sine beste sider, seier Haanes.

Men med ein skuffande vårsesong bak seg, blir det endringar i Hødd-stallen før haustsesongen?

– Ikkje dei store endringane. At det kan blir ein spelar eller to både inn og ut, det kan fort vere, men det skal klaffe. Vi har også veldig tru på den stallen vi har, men vi ser at nokre kanskje ikkje innfridd slik som vi hadde håpa og at nokre har vore ein del skadde. Så får vi sjå om nokon er tilgjengelege. Det er eit puslespel.

Dialog med Shroot

Hødd har Robin Shroot på kontrakt. Hans låneopphald i Viking er avslutta, men det er framleis ikkje avklart kva som skjer med briten.

– Vi har ein dialog med Robin om kva han tenkjer, og så har det litt med kva Sindre Eid som A-lagstrenar tenkjer. Han er under kontrakt med Hødd, og dette er noko vi må ta ei avgjerd på i løpet av ei veke eller to. Då må vi ha landa på om han kjem tilbake eller ikkje.

Skulle Shroot kome tilbake, så blir det endå ein spiss inn i troppen. For sjølv om Hødd ikkje har scora så mange mål, så har ein ei rekkje offensive spelarar å velje mellom.

– Litt av diskusjonen går på om dei som er angriparar ikkje har lukkast godt nok, eller om det er manglande offensivt trykk i laget som gjer at ein ikkje scorar meir. Og kanskje må vi i staden sjå etter ein forsvarar eller ein midtbanespelar?, vurderer Haanes.

Må nokon ut dersom det kjem inn ein offensiv spelar til?

– Ein kan ikkje berre fylle på og fylle på. Det må leke i andre enden også, og eg tenkjer at det må vere ein balanse. Vi treng ikkje om å laste inn med mange fleire spelarar utanfrå, utan at det også går noko ut.

For Hødd-troppen blei ikkje så liten som klubben varsla før sesongen tok til. Hødd har også fleire spelarar på rekruttlaget som har trena mykje med A-laget, og som truleg er i nærleiken av å verte henta opp.

– Eg vil tru det kan verte tatt opp fleire unggutar, men sidan dei har trent mykje med A-laget så vil ikkje stallen bli så mykje større i praksis. Det vil i staden vere eit signal om at vi har tru på rekruttgjengen, og at dette er ein del av den langsiktige satsinga vår. Vi skal ikkje legge ansvaret for at vi skal ta veldig med poeng denne hausten på dei aller yngste, men dei skal få smake på nivået og få ein treningsarena der ballen går raskare og ein må kjappare val. Det trur eg gir kjempeflott læring.

Kan bruke pengar

Å ta opp spelarar frå eigen rekruttstall kostar ikkje Hødd så mykje, men det kan det gjere dersom ein ønskjer å hente spelarar utanfrå. Og skal ein tru styreleiaren så er det pengar å hente dersom den rette spelaren dukkar opp.

– Vi har ikkje sett av midlar til spelarar, men det store bildet i Hødd er at vi har bra økonomi. Dersom vi konkluderer med at vi må bruke noko pengar, så er styret budde på det. Då ser vi økonomien i litt større samanheng, ikkje berre over eitt budsjettår. Vi må bruke vett.

Men Haanes seier at Hødd også merkar manglande resultat på oppmøtet på Høddvoll.

– Det påverkar også inntektene. Av og til så må ein tore å så for å kunne hauste seinare, seier styreleiaren biletleg.

Fotball skal vere gøy

Håvard Haanes er også oppteken av at ein ikkje kan sjå for mørkt på situasjonen, sjølv om resultata ikkje har vore heilt der ein hadde håpa.

– Fotball skal vere gøy, både for spelarar, støtteapparat, publikum og alle som bur i området. Når ein ikkje får dei poenga ein ønskjer så blir det frå tid til anna så veldig alvorleg. Vi må ikkje miste gleda eller sjølvtilliten berre fordi vi mistar nokre poeng. Det prøvar eg også å formidle både til spelargruppa og til dei som jobbar på Høddvoll. Vi må hugse at dette er ein plass der vi også skal ha det kjekt. Livet går vidare sjølv vi går glipp av nokre poeng, slår han fast.

Hødd har spelefri i 2.-divisjon fram til 5. august.

<strong>Engasjert:</strong> - Eg har sagt ja til å vere styreleiar i Hødd Fotball fordi eg likar å engasjere meg, og fordi eg meiner Hødd er ein viktig samfunnsinstitusjon, seier Håvard Haanes.