Denne veka blir U20-EM i friidrett arrangert i italienske Grosetto. Som under U23-EM sist veke er det også her med ein utøvar frå Dimna IL.

Mangekjemparen Toralv Opsal stiller i tikamp, og har med trenar Arve Opsal til Grosetto.

Medan dei første øvingane i U20-EM gjekk allereie torsdag, byrjar tikampen først laurdag. Den blir avslutta sundag.

Under U20-VM i 2016 imponerte Opsal med ein femteplass. Han sette då personleg rekord med 7815 poeng. Klarar Opsal noko liknande i år vil han truleg vere med i medaljekampen.

Første øving for Opsal var 100 meter. Der sprang han inn på 11,27. Det var tredje beste tid i sitt heat, og niande beste tid totalt. Etter tre øvingar ligg Opsal på ein tiandeplass i samandraget. Han har 2409 poeng, 177 poeng bak leiaren.

Opsal sette personleg rekord i kule med eit støyt på 14,57 meter. I høgde nådde han ikkje heilt opp til sin personlege rekord, men 1,96 var likevel årsbeste for Opsal.

Laurdagen vart avslutta med 400 meter. Der hadde Opsal fjerde beste tid totalt med 48,93. Dette gav 865 poeng, og Dimna-utøvaren ligg dermed på ein sjuandeplass totalt etter fem øvingar. Opsal har 4041 poeng etter første dag. Johannes Erm frå Estland ligg på topp halvvegs. Han har 4226 poeng.

Dag 2 av tikampen opna med 110 meter hekk. Her fekk Opsal tida 15,23 og 822 poeng. Diskos var neste øving og Opsal fekk til eit kast på 37,29 meter. Det gir 610 poeng.

I stavkonkurransen vart det sesongbeste for Opsal med 4,60 meter. Det heldt til ein femteplass på øvinga og gav 790 poeng. Det vil seie at han har 6263 poeng før dei to siste øvingane.

Toralv Opsal avslutta tikampen med ei solid forbetring av sin personlege rekord på 1500 meter. Han var også raskaste mann på denne øvinga. Totalt blei det 7620 poeng, noko som heldt til ein sjetteplass. Det er litt bak hans personlege rekord, men det beste Opsal har gjort i tikamp denne sesongen.

Niklas Klaus var det ingen som kunne gjere noko med. Han samla heile 8435 poeng, noko som er ny U20-verdsrekord.

ØvingResultatPoeng
100m11,27801
Lengde7,13845
Kule14,57763
Høgde1,96767
400m48,93865
110mhk15,23822
Diskos37,29610
Stav4,60790
Spyd44,98514
15004.25,38843
Totalt7620

I Grosetto deltek også Ingvild Meinseth frå Sørild. Ho er dotter til Frank Otto og Sølvi Meinseth og barneborn til Turid (f. Pilskog) og Tor Meinseth.

Ho opna EM på strålande vis, og tok Norges andre medalje. I finalen på 100 meter var Meinseth lenge i leiinga, men enda til slutt på tredjeplass og tok dermed bronse.

U20-EM kan følgjast gjennom det Europeiske Friidrettsforbundet sine nettsider.

Vi oppdaterer saka med resultat i løpet av helga.