Både Karsten Warholm og Filip Ingebrigtsen er kvalifiserte til Diamond League-finalen i Zürich torsdag 24. august. Dagen etterpå startar senior-NM i friidrett i Sandnes, og friidrettsforbundet meiner det er svært viktig for NM at begge deltek.

Difor har ein valt å gjere endringar på dagsprogrammet for NM 2017, slik at forholda blir lagt best mogleg til rette for både Ingebrigtsen og Warholm. I utgangspunktet var nemleg både 1500 meter, 400 meter og 400 meter hekk sett opp fredag. Det skriv Norges Friidrettsforbund på sine nettsider.

For Warholm sin del, som er aktuell både på 400 meter og 400 meter hekk, blir forsøket på 400 meter flytta frå fredag føremiddag til laurdag føremiddag, med finale laurdag ettermiddag. På 400 meter hekk blir finalen flytta til sundag. Her reknar ikkje friidrettsforbundet med at det blir forsøksheat, men dei vil eventuelt legge dette til laurdag føremiddag.

– Det er ekstraordinært å flytte meisterskapsøvingar på dette tidspunktet, men det har blitt gjort også tidlegare år då Andreas Thorkildsen stod ovanfor liknande kollisjonar, skriv Norges Friidrettsforbund på sine nettsider.