Hødd sitt G19-lag står med full pott etter to kampar i gruppespelet under Skaw Cup.

Levanger vart slått i første kamp og måndag blei det solide 5-1 over Varhaug. Det var likevel motstandarane som fekk beste starten og som gjekk opp i leiinga, men Håkon Botn Brautaset utlikna for Hødd. Til pause var stillinga 1-1.

I den andre omgangen tok Hødd fullstendig over kampen og Sveinung Tilseth Sæterås sette inn 2-1. Deretter auka Isak Haanes til 3-1, før Botn Brautaset fekk sitt andre for kvelden. Hødd sitt siste mål var det Isak Haanes som stod for, etter eit frispark frå Sander Djupvik. Dermed 5-1 siger.

Neste kamp for Hødd er tysdag mot danske Thisted. Dei har slått Levanger 5-2 tidlegare i turneringa.

Også Hødd sitt G16-lag har vore i aksjon. Sundag vart det 1-1 mot Vejle BK. Måndag vart det 1-0 siger over Fredrikstad.