Det vart klart etter at G16-laget spelte 1-1 mot Ullensaker/Kisa i kveld. Dette var lagets andre uavgjorte i turneringa, men etter siger mot Fredrikstad i kamp to går Hødd vidare til A-sluttspelet saman med gruppevinnar Vejle BK.

Kvartfinalen for G16-laget går onsdag, og her skal Hødd møte Notodden. Med siger der blir det eventuelt semifinale mot vinnaren av Bryne - Brumunddal.

Også G19-laget sikra seg plass i A-sluttspelet tysdag kveld. Hødd har rett nok ein kamp att i gruppespelet, men toppar avdelinga tre poeng framom Thisted og Varhaug. Desse laga skal møtast i siste gruppespelskamp, medan Hødd skal møte FK Haugesund. I G19-turneringa går Hødd rett inn i ein semifinale.

Tysdag vart det 2-0 siger over Thisted. Eirik Franke Sauness og Petter Haddal Worren scora måla.