I 1986 såg Skaw Cup dagens lys, og Hødd er av dei norske laga som i fleire av åra etter har hatt tradisjon for å sende sine lag til denne turneringa. Slik var det også i år, og Hødd sitt gutelag i G16-klassen og juniorlaget i G19-klassen gjekk begge til A-sluttspelet etter knallgodt spel i gruppespelet.

Bronse for G16

G16-laget møtte Bryne frå Jæren i sin semifinale. Det blei ein tøff kamp, som enda med heile 5-0 til jærbuane. Dermed blei det bronsefinale for Hødd sine G16-spelarar. I bronsefinalen møtte dei blåkvite danske Vejle, ein kamp som til slutt enda med ein 1-0 siger til Hødd, etter eit mål frå Tobias Hatløy.

Turneringa i sin heilskap har vore ein suksess. Vi har stort sett spelt med 2002-modellar, førsteårs gutespelarar, mot lag som hadde eldre spelarar. Somme av laga vi har møtt har også hatt fleire landslagsspelarar. Vi er godt nøgde med innsatsen i årets turnering, seier G16-trenar Tarald Laugsand.

Møtte same klubben - tok også bronse

Hødd G19 rauk diverre i semifinalen mot Fredrikstad, etter å ha tapt 1-0. Men, Hødd tok seg vidare til A-sluttspelet etter fire av fire moglege sigrar, ein sterk prestasjon. Trenar Sander Håskjold Nyland fortel at semifinaletapet mot Fredrikstad var ekstra surt, fordi Hødd like godt kunne hamna i finalen.

- Det har vore ei god turnering. Vi presterte godt i gruppespelet, så var det klart for Fredrikstad i semien. Eit tett og jamnt oppgjer der det til slutt bikka Fredrikstad sin veg. Eg føler likevel at vi var det beste laget, om ein ser vekk frå dei første 15 minutta i første omgang. Det var surt å ryke ut, men slik er fotballen. Vi har fått god matching gjennom seks kampar. Seks kampar på bra høgt nasjonalt og skandinavisk nivå. Den sportslege referansen vi får er bra. Vi skal seie oss nøgde med dette opphaldet.

Det blei altså bronsefinale på G19-laget også, og for dei var motstandaren også den danske klubben Vejle.

Hødd vann til slutt det spanande oppgjeret. Det etter mål frå Eirik Saunes (2), Peter Hasund og Bam Hide i ordinær tid, slik det stod 4-4 då dommaren bles av. Straffesparkkonkurransen gjekk Hødd sigrande ut av, og med det sikra dei blåkvite seg nok ein bronsemedalje.