- Til dei som berre kritiserer meg, eg kunne ikkje brydd meg mindre, seier Robin Shroot.

Meiningane var nok mange og delte på Høddvoll søndag, då Hødd tok i mot AaFK til treningskamp. For i startoppstillinga var det ein kar somme supportarar ikkje har hatt mykje til overs for etter ein "turbulent" avskjed i vinter. Briten var i godt gammalt slag mot bya-laget, og jobba godt både defensivt og offensivt i oppgjeret som enda med 0-3.

Fleire supportarar tok i vinter til orde for, mest av alt gjennom sosiale media, at dei ikkje ønskte å sjå Robin Shroot tilbake i Ulsteinvik. Dette fordi dei meinte angriparen som scora 12 mål for Hødd i nedrykkssesongen i fjor, ikkje oppførte seg bra siste tida før han drog til Viking.

Sett utanifrå såg det ut til at toppscoraren rauk direkte uklar med klubben, då han ønskte å halde fram i norsk toppfotball etter nedrykket. Hødd på si side meinte, blant anna i intervju med Vikebladet Vestposten og Sunnmørsposten, at Shroot måtte oppfylle kontrakten, som går ut 2017. Løysinga blei eit utlån første halvdelen av sesongen til Viking, ein avtale som no er avslutta.

- Det var nok ikkje så svart-kvitt som folk trur, sa Shroot til Vikebladet Vestposten etter kampen mot AaFK.

Vikebladet Vestposten tok også ein prat med Shroot då han returnerte til Sunnmøre for nokre dagar sidan.

Les saka her: - Skal gjere mitt aller beste

Trivast i Ulsteinvik

Ifølgje Shroot sjølv var det fleire aspekt som gjorde at han til slutt ønskte å komme seg til Viking. Men først av alt var ambisjonen om å prøve seg på eit høgare nivå medan 28-åringen har sjansen.

- Ingen bør stille spørsmål kring kjærleiken eg har for Hødd og Ulsteinvik. Den er udiskutabel. Eg er London-gut, og har budd her i Norge, vekke frå heimen min, i fleire år. Eg har hatt veldig kjekke år i Ulsteinvik, Sogndal og sist no Stavanger. Når eg no kjem tilbake til Ulsteinvik så er det til ein by eg trivast i, seier Shroot.

Han ønskjer ikkje nokon av supportarane noko anna enn godt, men føler han må få sagt ein ting eller to til dei som har kritisert han for valet han gjorde i vinter.

- Eg også er eit menneske, og eg hadde eigentleg håpa at eg ikkje skulle bli klandra for illojalitet eller slike ting då eg først fekk sjansen til å prøve meg på eit høgare nivå. Eg følte det ville vere feil av meg å ikkje ta den sjansen. No blei ikkje speletida i Viking all verden, grunna fleire ting, men no er eg tilbake i Hødd, og her vil eg som eg har sagt tidlegare gjere det eg kan for å hjelpe klubben til suksess, seier Shroot.

- Eg respekterer at alle har sine meiningar, men når ein ikkje klarer å vere saklege i kritikken sin, er det best å ikkje seie noko. Eg kjenner 95 prosent av folk i og rundt Hødd-miljøet, og stort sett alle eg møter er skikkelege folk. Folk har sjølvsagt lov til å meine det dei vil, men så lenge det ikkje er konstruktiv kritikk ein kjem med, har eg vanskar med å ta det seriøst det eg får høyre.

- Vi må tenkje større

Ambisjonane manglar det ikkje på for den veltalande briten. Både for seg sjølv og Hødd.

- Folk flest tenkjer ikkje at Hødd kan kome seg langt opp i divisjonane. Om folk blir sinte på meg for at eg seier det rett ut, så ver så god. Eg kunne ikkje brydd meg mindre. Her bør ein tenkje at Hødd skal kunne gå heilt til toppen, heilt opp i Eliteserien. Om Sogndal og Kristiansund kan klare det, kvifor kan ikkje vi? Eg er ikkje blant dei som berre aksepterer at slik er det. Eg brenn for at vi skal utvikle oss som klubb, og utvikle oss oppover.