Vikebladet Vestposten erfarer at hareidsdølingen og Hareid IL-spelaren Ruben Kenneth Brandal kan bli å sjå i blått og kvitt igjen innan kort tid. Han var med på ei Hødd-trening i sommar, og gjorde ifølgje kjelder av lokalavisa ein fin figur.

Tilbake i blått og kvitt?

Brandal kom til Hødd i 2009, men stod utan kontrakt med klubben etter 2015-sesongen. Dei to siste sesongane i Hødd-drakta var vanskelege for Brandal, som spesielt i 2015-sesongen var mykje plaga med skader og lite speletid i Hødd-drakta.

I 2015-sesongen blei det berre tre innhopp i serien for Brandal, som totalt har 161 kampar for Hødd.

Men no kan det altså vere duka for ein retur til Høddvoll, etter at han gjekk tilbake til moderklubben Hareid for to år sidan, der han har spelt ei viktig rolle både på og av banen.

Verken Hødd-trenar Sindre Eid eller Hareid-trenar Kenneth Moldskred ønskjer å seie noko på noverande tidspunkt, men Vikebladet Vestposten fekk kontakt med spelaren sjølv, som bekreftar at det har vore kontakt mellom klubbane.

- Overraskande

Vegard Heltne er ute med langtidsskade etter at han skadde seg på trening i førre veke. Grunna eit brote bein i foten må han halde seg på sidelinja i opp til seks veker. Det er triste nyhende for Heltne, som har jobba hardt for å kome seg i kampform i sommar.

- Utruleg irriterande, sa Heltne til Vikebladet Vestposten like etter kampen mellom Hødd og AaFK på Høddvoll søndag.

Difor er nok Hødd no på jakt etter eit tilskot på backplass. Ruben Kenneth Brandal fortel til lokalavisa at han og familien er på ferie i Tafjord, men at han fekk mail frå Hareid IL i dag, tysdag, om interessa frå Hødd.

- Eg har nok ikkje tenkt så mykje på det. Det kom litt overraskande på meg. Eg var faktisk ikkje klar over interessa frå Hødd før i dag, seier Brandal.

Då han forlét Hødd for to år sidan var det mellom anna på grunn av skadeplagar.

- Eg har greidd meg fint denne sesongen, og er tilbake i god form etter at eg måtte operere i fjor. Eg har framleis stigande form, og har vore i trening gjennom heile sommaren.

- Kan det vere aktuelt med ein retur til Hødd då?

- Eg har som sagt ikkje fått tenkt så mykje på det, og det er ikkje berre i Hødd det knip om spelarar. I Hareid også har vi ein kabal å løyse. Eg tenkjer først og fremst på klubben eg er i no. Men eg vil høyre med Hødd kva dei eventuelt ønskjer. Det er greit å ha det litt meir konkret før eg gjer noko som helst. Eg kjem til å prate med Hødd, så får vi ta det derifrå, seier Ruben Kenneth Brandal.